Diskusjon:Den raude hæren

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skal ikkje é-ar miste aksentteiknet i samansettingar med f.eks. endingar? Armé, armeen, osv., på same måte som idé-ideen? --Kristian André 2. mar 2005 kl. 2356 (UTC)

Nei, dei «skal» ikkje, men dei «kan»... :-) Tendensen på nynorsk er å halde på aksentane meir enn ein gjer på bokmål. Ein kan forresten i og for seg skrive «ide» for idé på nynorsk, men ettersom ide er eit eige ord, er no ikkje dette så lurt. Det er òg lurt å vera ekstra påpasseleg med å bruke aksentane i leksikonsamanheng ettersom dei gjer teksten tydelegare. (I prinsippet kan alle aksentar utelatast på norsk.) -- Olve 3. mar 2005 kl. 0018 (UTC)
Sjå Språkrådet, dei brukar ikkje aksentteikn på nynorsk, ville bare nemne det. --Guttorm 3. mar 2005 kl. 0922 (UTC)
Båe delar er rett, so lat oss berre la det liggja slik det er no, med omdirigering frå det eine til det andre, slik at båe skrivemåtar blir gyldige oppslagsord.
--Verdlanco (diskusjon) 3. mar 2005 kl. 1022 (UTC)
Eg får vel som vanleg gi meg. Men meiner stadig at armé-armeen ser best ut. Sjølv om det nok er valfritt i fylgje Språkrådet. --Kristian André 3. mar 2005 kl. 1038 (UTC)
(Dessutan: Eit søk på "den raude armeen" og "den raude arméen" på Google gir kun tilslag uten 'é'...) --Kristian André 3. mar 2005 kl. 1057 (UTC)
Eg meiner òg at armé-armeen ser best ut, jamvel om eg veit at denne diskusjonen er gamal. Det beste ville uansett vore å namngje sida Den Raude Armé/Den raude armé istaden for Den raude armeen/Den raude arméen. Brukar:Jarhaugin 29. mai 2011 kl. 1558 (UTC)
Den raude armé er dansk setningsbygnad og difor feil på nynorsk. Synest elles at arméen er greiare å lesa enn armeen (liknar på eit utanlandsk ord med ei onnor form for uttala). Njardarlogar 30. mai 2011 kl. 16:08 (CEST)[svar]
Eg er takksam for denne opplysnaden. Eg gjev meg her, men meiner framleis at armeen ser vel betre ut en arméen, sidan arméen har ein apostrof som ikkje har noko nytte. Jarhaugin 2. juni 2011 kl. 15:45 (UTC)
Nynorskordboka stavar dette ordet «armé», så da vert det «arméen» i bestemt form. Skråstreken over «e» er ikkje ein apostrof, men ein akutt aksent, som syner at «e» skal uttalast med auka lengde og trykk. Vi har vel henta armé frå fransk, der ordsamansettinga «ée» er vanleg. --Sigmundg 2. juni 2011 kl. 16:23 (CEST)[svar]