Diskusjon:Den raude stjerna

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det synest meg litt sært å bruke flagga til eks-sovjetrepublikken Tadjikistan og det super-sære og heilt isolerte regimet i Nord-Korea som døme på bruk av den raude stjerna. Ville det ikkje vere meir nærliggjande med det eks-jugoslaviske flagget (finst som illustrasjon på tysk wiki sin artikkel om den raude stjerna), eller logoen til det noverande regjeringspartiet i det store og viktige landet Brasil, PT (Arbeidarpartiet)? Mange menneske måtte flykte frå Jugoslavia etter titoismen fall og det etno-nasjonalistiske barbariet overtok, og nokre av dei er i Noreg. Dei eg kjenner har eit rimeleg positivt syn på Tito og titoismen. Kunne nokon setje inn det jugoslaviske flagget i staden for det nordkoreanske? --Erling 27. nov. 2005 kl. 12:20 (UTC)

Desse bildene blei valde ut då Commons var lite og skrint og døma var få. Men eg synest likevel ikkje dei er så dårlege illustrasjonar. Stjerna på det tadsjikiske riksvåpenet er klar og tydeleg og står saman med andre typsike kommuistsymbol. Nord-Korea er kanskje sært og isolert, men det er eitt av få land som faktisk har den raude stjerna i flagget sitt fortsatt.
Eg har samla dei stjernene eg fann på commons:red star; i tillegg har polsk Wikipedia eit oversyn over flagg og riksvåpen brukt av (tidlegare) kommunistiske statar. Om du vil finna betre eksempel er det bare å sjå gjennom desse sidene til du finn noko. -- Ranveig 27. nov. 2005 kl. 15:24 (UTC)
Kan vi ikkje bruke det jugoslaviske når det ligg ute på den tyske artikkelen om same tema? Det er vel fritt da? --Erling 27. nov. 2005 kl. 16:42 (UTC)
Ops, no såg eg at det var ordna. Takk, Ranveig! Eg er forresten usikker på om den kvite stjerna i det kubanske flagget har noko med kommunismen å gjere, eg trur dette flagget har vore slik sidan det formelle sjølvstendet sist på 1800-talet. --Erling 27. nov. 2005 kl. 16:49 (UTC)
Ja, det er min "Ops", en:Flag of Cuba fortel at dén stjerna er frå 1849 og står for sjølvstende. -- Ranveig 27. nov. 2005 kl. 19:15 (UTC)