Diskusjon:Denis Papin

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det står at han nytta ei sentrifugalpumpa, med suksess, for å flytta luft til ubåten sin. På nb:Sentrifugalpumpe står det derimot at sentrifugalpumpa til Papin ikkje hadde noko særleg nytteverdi. nb: har referanse for denne påstanden. Kva er rett? --Tannkrem 10. mai 2010 kl. 14:24 (CEST)[svar]

I denne artikkelen står det "Ei sentrifugalpumpe vart nytta til å pumpa luft gjennom to kopparrøyr frå ei bøye på overflata, slik at lufta i farkosten kunne fornyast". Det står ikke noko om kor godt pumpa fungerte.
I bokmårlartikkelen står det "Dog var disse første sentrifugalpumpene rene kuriositeter, uten praktisk nytteverdi.[1]". Men om ein går til [1] står det at Denis Papin fann opp sentrifugalpumpa in 1689. I avsnittet etter står det at Kernelien le Demour, in 1732, og Daniel Gabriel Fahrenheit, i 1736, skildra andre utførelsar av sentrifugalpumper, men at det ikkje finst prov for at dei fekk praktisk nytte. Her er det litt uklårt om forfattaren syner til punpene til le Demour og Fahrenheit, eller om pumpa til Papin òg er inkludert.
Ein kan vel ikkje seia at ubåten til Papin fekk praktisk nytteverdi, sjølv om pumpa hans fungerte godt nok til at han ikkje døydde av surstoffmangel. Så eg ser inga motsetning mellom det som står på nn og på bk.
Sjølv om ei, eller fleire, kjelder meiner at Papin fann opp sentrifugalpumpa in 1689 er det ikkje sikkert at han var den fyrste til å nytta prinsippet. Kjelder frå 1600-talet er ikkje alltid pålitelege og det er langt frå uvanleg at dei ulike kjeldene ikkje stemmer med kvarandre. Så det er kanske betre å skriva at han er den fyrste som det finst skriftleg dokumentasjon for at arbeidde med ei sentrifugalpunpe. Eller noko i den dur. --Sigmundg 11. mai 2010 kl. 19:56 (CEST)[svar]
Motsetnaden er at det her ser ut til at pumpa hadde praktisk nytteverdi, ved at ho faktisk utførte det ho var der for. Om ubåten hadde nytteverdi er ei anna sak. Eg trur eg må konkludera med at nb:-artikkelen tek feil. --Tannkrem 11. mai 2010 kl. 21:50 (CEST)[svar]
Bokmålartikkelen er kanskje ikkje direkte feil, men upresis. Sjølv om pumpa var nyttig for Papin ser det ut for at det tok lang tid før sentrifugalpumper vart så gode at dei vart nytta i stor målestokk. Det kan vel heller ikkje seiast at ubåten (dykkarklokke er kasnkje eit betre ord) til Papin fekk praktisk betydning. Men det som finst av kjelder hevdar at han nytta ei sentrifugalpumpe, som i eit historsk perspektiv er interessant. --Sigmundg 11. mai 2010 kl. 22:23 (CEST)[svar]

Hesse, Venesia, paddelhjul[endre wikiteksten]

Her står om ein greve av Hesse, er det Hessen som er meint? Og så står det om Venesia, skal det vere Venezia? Og til sist, er paddelhjul det same som skovlhjul? --46.15.231.100 16. september 2013 kl. 14:20 (CEST)[svar]

Ja, ja og til sist ja. --Sigmundg (diskusjon) 16. september 2013 kl. 17:52 (CEST)[svar]