Diskusjon:Desibel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

mål, ikkje mál[endre wikiteksten]

Eg ser at likninga framleis står med mál. Eg fekk rett og slett ikkje til å-en i LaTeX sin matematikkmodus. Oppfordringa går til alle: Kven kan få å-en på plass? Trondtr 12:12, 16 september 2006 (UTC).

Det ville vera betre å nytta "verdi" i staden for "mål", ettersom det like godt kan vera utrekna verdiar som måleverdiar. Verdien i nemnaren er ein referanseverdi (veriden ein samanliknar med), så kansje "referanseverdi" burde nyttast i nemnaren.
bel (og dB) er definerte ut frå forholdet mekkom to effekt-verdiar, så dette burde presiserast i det som no er den 2. likninga.
Den fyrste likninga er missvisande og burde fjernast; å blanda inn % vil truleg berre forvirra dei som ikkje er kjendt med "dB".
Sigmundg, 16/9-2006.
Ja, eg ser at verdi er betre enn mål, så vi kan skifte. Likning 1 (eigentleg begge to) henta eg frå fi:desibeli, ein artikkel som eg syns forklarte desibel på ein fin måte: Det er, på same måten som prosent, eit relativt mål. Men det kal kanskje visast betre, eller evt. kuttast ut, viss vi finn ei betre forklaring. Trondtr 17:01, 16 september 2006 (UTC).


Eg ser at du sletta avsnittet mitt og gjekk rett på formlane. Dei er fine nok, men eg syns ikkje dei gjev eit bilete av kva desibelmålet eignetleg er. Kva med denne versjonen, eller noko slikt? Trondtr 17:21, 16 september 2006 (UTC).

Desibel er eit relativt mål. Eit meir kjend relativt mål er prosent. Vi kan samanlikne desibel og prosent på denne måten: Prosent uttrykkjer ein verdi som ein brøk av ein referanseverdi, ganga med hundre, slik:
Desibel, derimot, er logaritmisk, og tilhøvet mellom verdien som skal målast og referanseverdien uttrykkjast som brøken dei i mellom, ganga ikkje med hundre, men med logaritmen av brøken:
Når desibel er brukt til å måle lyd er referanseverdien 20 mikropascal, som er den svakaste lyden mennsekeøret kan oppfatte.
Formelen
er grei nok, i alle fall om den vert modifisera den til
ettersom det ikkje alltid er slik at den eine verdien er ein fast referanseverdo; dB kan nyttast for forholdet mellom vilkårlege verdiar med same eining.
Derimot meiner eg at det er missvisande å dra inn % saman med dB. Ein gjev ikkje opp forholdet mellom to verdiar i %.
Er det ikkje ryddigast å venta med referanseverdien for høregrensa til avsnittet om akustikk?
Sigmundg, 16/9-2006.
Jo, du har rett, det er betre å vente med det til akustikk. Eg skal heller ikkje protestere på den endra formelen din (med forklarande tekst om dei to verdiane). Analogien (og noko meir enn ein analogi er det ikkje) til prosent meiner eg framleis held, når a er ein viss prosent av b er det jo a og b vi samanliknar. Men vi kan la prosentanalogien ligge og heller skrive meir forklarande tekst rundt formlane. Trondtr 19:54, 16 september 2006 (UTC).

Har jeg rett i at en økning på tjue dB fører til en hundredobling (10²), ikke tidobling som det står nå? (Beklager bokmål) --88.95.2.98 31. oktober 2014 kl. 17:04 (CET)[svar]