Diskusjon:Dronning Maud Land

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skrivemåten[endre wikiteksten]

'Dronning Mauds land' sier Språkrådet - Roar 17. juni 2009 kl. 18:00 (CEST)[svar]

Ser på nb:Diskusjon:Dronning Maud Land at dette er noko omstridd, men synest godt me kan fortsetja å følga Språkrådet (og vanleg språkbruk). --Ranveig 17. juni 2009 kl. 21:25 (CEST)[svar]
Einig. -- Olve Utne 18. juni 2009 kl. 02:33 (CEST)[svar]
Dronning Maud Land er offisielt namn på området, så då må me bruka det. Det er ikkje Språkrådet som avgjer namn i norske polarområde, men i følgje det norske lovverket namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt. Språkrådet ønskjer å endre namna som ikkje følgjer norsk rettskriving, men fram til det kjem ei lovendring så bør (og må etter mi meining) me følgje det offisielt fastsette namnet. --Frokor (diskusjon) 12. oktober 2012 kl. 12:55 (CEST)[svar]
Det seier seg ikkje sjølv at me skal nytta dei offisielle stavemåtane. «Dronning Maud Land» ser fælsleg ut. :-) Njardarlogar (ordskifte) 15. oktober 2012 kl. 18:10 (CEST)[svar]
Me kan ikkje berre gje stadnamn nye skrivemåter berre av di me ikkje likar den offisielle. Heiter det Dronning Maud Land, så heiter det Dronning Maud Land, ikkje Dronning Mauds land eller noko anna.--Altijd (diskusjon) 15. oktober 2012 kl. 19:51 (CEST)[svar]
Dronning Mauds Land er meir enn ein annan stavemåte, det er er ei heilt anna form av namnet. Eg tenkte like gjerne i retning Dronning Maud-land eller Dronning Maudland. Dette er dei einaste to måtane denne forma av namnet kan skrivast på etter norske rettskrivingsreglar. Njardarlogar (ordskifte) 15. oktober 2012 kl. 20:41 (CEST)[svar]
«Dronning Maud-land» var ikkje noko dårleg forslag. Alle prinsipp kan fravikast om vi har gode grunnar, og skrivefeilen som er innbaka i «Dronning Maud Land» er ein slik grunn.
Det er eit særnamn. Korleis kan det då vere ein skrivefeil? Er alle namn i norsk stadnamnregister korrekt nynorsk? Det veit me at det ikkje er. Men me følgjer stadnamnregisteret likevel. Namnelista til Norsk Polarinstitutt er det norske stadnamnregisteret for norske polarområde, både i Arktis og Antarktis. Kvifor skal me følgje stadnamnregisteret for stader i Noreg, om me ikkje følgjer stadnamnregisteret for norske polarområde? Visst det ikkje seier seg sjølv at me skal bruke offisiell skrivemåte i polarområda, så er det òg fritt fram til å endre samtlege særnamn som ikkje følgjer nynorsk rettskriving. Me kan ikkje vere inkonsekvent berre av di nokon meiner eit namn her og der ser fælsleg ut. At området heiter Dronning Maud Land har sjølvsagt historiske årsaker og nasjonane som har kravområde i Antarktis har ein avtale seg i mellom om at ein i hovudsak nyttar det namnet som først vart gjeven til eit område eller ein terrengdetalj, om det vere seg eit engelsk, fransk, tysk, russisk eller norsk namn. Det finst unntak her og der. NP har òg klåre retningslinjer for nye namn i området. T.d. så skal nye namn (ironisk nok kan ein vel sei) vere på nynorsk. Så langt eg har sett har Wikipedia på bokmål og SNL følgd namneregisteret til NP slavisk. På same vis som at me følgjer kartverket sitt stadnamnregister, så bør me òg følgje dei offisielle norske namna i bilanda i Antarktis. Dronning Maud Land skriv NP. Varianten er Queen Maud Land. Andre variantar finst ikkje offisielt. --Frokor (diskusjon) 16. oktober 2012 kl. 04:42 (CEST)[svar]
Det er eit særnamn, men det er visse rettskrivingsreglar sjølv ikkje (ålmenne) særnamn får sleppa unna. Me skriv ikkje DRaMmEn eller Sørtrøn Delag. Droppar ein mellomrommet endrar ein ikkje namnet, berre måten det er skrive på. Det er venta at stavemåten til norske stadnamn fylgjer eit visst format, og dette stadnamnet bryt tvert av med dette; difor er det problematisk. Njardarlogar (ordskifte) 16. oktober 2012 kl. 12:43 (CEST)[svar]

Frokor argumenterer godt, synst eg – norsk landnåm i polare strok er noko for seg sjølv. Men eg ser absolutt ikkje ironien han i parentes peiker på. Ironien er at det største landområdet Noreg gjer krav på, har ein skrivefeil i den offisielle skrivemåten. --Knut (diskusjon) 16. oktober 2012 kl. 17:49 (CEST)[svar]