Diskusjon:Egentliga Finland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg føreslår å flytte denne til Varsinais-Suomi, slik at vi legg lena og kommunane inn med dei finske namna. --EIRIK\diskusjon 18. okt. 2005 kl. 19:54 (UTC)

Varsinais-Suomi er eit godt døme på korfor eg gjerne hadde sett svensk heller enn finsk på namn i Finland. "Varsinais-Suome" tyder "Eigentlege Finland", og er namnet på den delen av Finland som i mellomalderen vart kalla nett - Finland. Kommunane inn med finske namn vil også innebere at svenskspråklege kommunar som Nagu og Pargas går inn på finsk, og at byen Åbo blir lagt inn med eit namn som dei færraste nordmenn kan uttale. Trondtr 18. okt. 2005 kl. 20:13 (UTC).
Einig i at svenskspråklege kommunar bør stå under svenske namn — og sjølvsagt med omdirigering frå det finske namnet og bruk av begge namna i innleiingssetninga. -- Olve 18. okt. 2005 kl. 20:16 (UTC)
Dei finskspråklege kommunane bør iallefall stå under det finske namnet, med omdirigeringar, sjølvsagt. --EIRIK\diskusjon 18. okt. 2005 kl. 20:21 (UTC)
No er faktisk Åbo, Helsingfors, Tammerfors, Björneborg, Borgå, Vasa og Uleåborg finskspråklege, det same er fleirtalet av kommunane i landskap som Nyland, Södra Karelen og Österbotten, kva no alle desse heiter på finsk...At Mikkeli skal vere Mikkeli og ikkje St:Michel ser eg for så vidt logikken i, men ikkje Tammerfors eller Åbo. Eg ser forresten at Varsinais-Suomi på engelsk er en:Finland Proper (region). Ein stad må det gå å møtest på midten. Trondtr 18. okt. 2005 kl. 20:57 (UTC).
Det ser ut til at det trengs utarbeiding av retningsliner for dette med finske geografinamn. Alternativa er vel desse (legg gjerne til om det finst fleire):
  1. Finske namn vert nytta som hovudform. Omdirigering frå andre former.
  2. Finske namn vert nytta der finsk språk er i fleirtal
  3. Svenske namn vert nytta der slike finst
  4. Svenske namn vert nytta i (tradisjonelt) finlandssvenske område.

--Gunnernett 19. okt. 2005 kl. 08:18 (UTC)

Her har vi språkrådet, som altså går for alternativ 3:

Ved namn i Finland med offisiell svensk form ved sida av den finske er den svenske forma ført opp som oppslagsord med opplysning om den finske forma i parentes, t.d. slik:
  • Helsingfors (finsk Helsinki) hovudstaden i Finland
  • (Helsinki) sjå Helsingfors.
  • Nyslott (finsk Savonlinna) by i Finland
  • (Savonlinna) sjå Nyslott.

Eg veit at mange målfolk gjerne bruker finske namn (til og med "Suomi"), i solidaritet med finsk målstrid, som dei (ikkje utan grunn) ser som ein parallell til den norske målstriden. Andre syns det er eksotisk med finsk, og vil derfor ha finske namn. Ei tilsvarande sak har vi med samisk, der mange nordmenn skriv Guovdageaidnu/Kautokeino. Ein tredje grunn kan vere at nordmenn i aukande grad har kontakt med finnar og Finland via engelsk (t.d. ser eg at det er dei som hentar stoff om Finland frå den engelske heller enn frå den svenske wikien) og dermed rett og slett ikkje kjenner til det svenske namnet.

Sjølv er eg samd med språkrådet i politikken deira, av følgjande grunnar:

  1. Eg ser norsk og svensk som meir eller mindre same språk. Når vi ser forma Björneborg forstår vi norskspråklege at dette er eit namn, og vi er i stand til å prosessere det, på ein måte vi ikkje kan med eit namn som t.d. Virrat (som er fleirtal av Virta, "Straum")
  2. Nordmenn skriv finske namn feil. Avisa Nordlys har enno til gode å skrive det finske namnet for Uleåborg rett (det er Oulu, men dei skriv Oulo). Folk skriv Lathi i staden for Lahti.
  3. Nordmenn utan kjennskap til finsk kan ikkje uttale namna rett. Turku blir ikkje uttalt med "u", men med o-en i det norske ordet unge, og t-en er uaspirert.
  4. Åbo universitet heiter Turun Yliopisto. Kva slags by er "Turun"? Jo, det er genitiv av Turku. Det same problemet har vi når folk på grunnlag av ei form som "Deanu gielda" trur at "Tana" heiter "Deanu" på samisk. Det heiter "Deatnu".
  5. Eg ser på bruken av finske namn i Noreg ikkje som ei fennifisering men ei anglifisering.

Eg ser at alternativ 3 har sine problem, m.a. når det gjeld svenske namn som sjelden er i bruk. Det eg også ser, er at det er fleire som skriv om Finland. Det er fint, så eg håpar vi kjem fram til ei linje her. Trondtr 19. okt. 2005 kl. 16:19 (UTC).

Eg ser poenga dine, men har som du kanskje veit eit anna syn. Eg synest me skal bruka det namnet fleirtalet bruker om staden dei bur, og å bruka svenske former på hovudsakleg finske område smaker av imperialisme. Det blir som å kalla Halden for Fredrikshald, noko eg heldigivs trur danskane ikkje gjer. Det er ein av grunnane til at eg nytta sv: lite som kjelde for desse artiklane; det er forvirrande og for meg misvisande at dei bruker namn som sv:Fredrikshamn om ein stad som i følge same artikkelen er einspråkleg finsk.
Å kjenna att namnedelar kan sikkert vera positivt, men samstundes kan dei gje eit feil inntrykk. Til dømes vil ein ny lesar lett kunne tru at ein stad med eit svensk namn ligg i Sverige. Dette er ikkje noko problem om staden det er snakk om er finlandssvensk, som Åland, men det blir litt underleg for dei finskspråklege områda. Finske namn er særprega og ein ny lesar vil lett oppfatta at det er ein finsk stad det er snakk om. Dét ser eg på som positivt.
Du meiner at nordmenn ikkje kan uttala namn som Tampere, men er det lettare for ein nordmann å seia Tammerfors rett? Finsk har så vidt eg veit eit svært fonetisk skriftspråk, og viss ein bare kan reglane, er det lett å få til uttalen.

Til sist må eg sei at eg er einig i at det viktigaste er å skriva godt om Finland! -- Ranveig 19. okt. 2005 kl. 17:42 (UTC)