Diskusjon:Elektrisk motstand

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Elektrisk resistans" bør vel nynorskifiserast til "Elektrisk motstand"? Sigmundg, 20/9 2006.

Ein motstand er vel ein komponent? --Ekko 19:53, 20 september 2006 (UTC)
Elektrsik motstand er fyrst og fremst ein eigenskap ved eit materiale, men motstandar er òg tilgjengelege som komponentar. Men komponetane vert òg kalla motstandar. Ordet resistans er engelsk. Sigmundg, 20/9 2006.
Ordet motstandar er noko anna enn ordet motstand. Folk som kallar ein motstand for ein motstandar tek berre feil, på same måte som dei som kallar legitimasjon for legimitasjon. Tannkrem 09:54, 22 september 2006 (UTC)
No las du litt for kjapt. komponetane vert òg kalla motstandar sa Sigmundg, han snakka altså om motstandar i fleirtal. Ein motstand, fleire motstandar og ein motstandar, fleire motstandarar. --Ekko 10:05, 22 september 2006 (UTC)
Det har du faktisk heilt rett i. Slik går det av og til når ein prøver å vera viktig og eplekjekk. Tannkrem 16:43, 22 september 2006 (UTC)
Caplex er usamde med wikipedia, og meiner at det rette ordet er resistans. [1]. Eg synest artikkelen med fordel kan flyttast til resistans, med peikar frå motstand og omdirigering frå elektrisk motstand. I tillegg meiner eg at artikkelen Motstand forklarar fenomenet Resistans mykje betre enn denne artikkelen. Eg kan endra alt dette, og laga fleirtydingsartikkelen SigmundG etterlyser, dersom ingen protesterar. Tannkrem 09:14, 26 september 2006 (UTC)

Brukar:Eirik har rett: dei tre artiklane "Elekttrisk motstand", "Elektrisk resistans" og "Motstand" handlar om det same. Om "Elektrisk resisans" bør vera med kan diskuterast, ettersom "resistans" berre er ei fornorsking av det engelske ordet "resistance". Men slik som det no er (omdirigert til "Elektrisk motstand") tykkjest fornuftig. Eg tykkjer og at teksten i artikkelen "Motstand" bør kombinerast med teksten i "Elektrisk motstand".

"Motstand" bør kanskje vera med som ein fleirtyingsartikkel, ettersom det er mange typar motstand:

  • Elektrisk motstand
  • Politisk motstand
  • Mekanisk motstand (friksjon)
  • osb.

Sigmundg

Omskriving?[endre wikiteksten]

Kan nokon anten forklara betre dette om elektrisk potensiale og "straumtettheit" (forklara omgrepa betre), eller fjerna det? Eg skjønar ikkje halvparten av det som står her, og eg kan truleg meir om dette temaet enn dei fleste wikipedia-brukarar. Om ein treng fagbøker for å finna ut av wikipedia-artiklar er vel poenget med eit nettleksikon litt vekke..? Men nett fordi eg ikkje veit kva som er meint med det, vil eg ikkje sletta og endra det. Tannkrem 21:05, 22 september 2006 (UTC)

Er det ikkje like bra å forklara desse ords i separate artiklar? Då kan dei nyttast saman med fleire artiklar. Sigmundg, 22/9 2006.
Sjølvsagt, men her er nesten heile artikkelen ei rad uforståelege formlar. Det må mykje meir tekst til for at det skal få ein samanheng med det eigentlege temaet. Tannkrem 21:35, 22 september 2006 (UTC)
Eg vil no fjerna det som ikkje gjev meg meining, frå denne artikkelen. Om det skal stå noko om temaet her, meiner eg at det bør stå noko som ein person med yrkesfagleg bakgrunn frå elektrofag vil forstå, og det bør samsvara med omgrep, nemningar og formlar som ein brukar i dag, og som elevar på yrkesskulane lærer. Dei som kan forklara kva formlane tyder og kva dei kan brukast til, må gjerne leggja dei inn att. Som svar til Sigmundg vil eg seia at ein kan ikkje ha uforståelege rekkjer med tal og bokstavar her, under ein føresetnad av at "nokon" ein vakker dag vil forklara kva dei tyder. Du som har lagt det inn, kunne jo ha gjort det, men no har det gått over ein månad utan at artikkelen har vorte meir forståeleg. Når eg fjernar dette, vil me mangla eit avsnitt om spesifikk motstand i denne artikkelen. Dette står det litt om i artikkelen resistivitet, men for lite til å forklara samanhengen betre enn avsnittet eg fjernar. --Tannkrem 13:13, 31 oktober 2006 (UTC)