Diskusjon:Erfjord kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Var det klokt å flytte denne artikkelen frå Erfjord til Erfjord kommune? Skal vi følgje dette prinsippet, må så godt som alle artiklane som omhandlar tidlegare norske kommunar opprettast med kommune etter namnet. Er det ikkje betre å ta dei ulike sidene ved Erfjord opp i ein og same artikkel?

Jamfør t.d. Elsjord, Drevja, Nordvik og Korgen. Skal vi kløyve desse artiklane i fleire småeiningar, slik at ein omhandlar garden Nordvika, ein handelsstaden Nordvik, ein gamle Nordvik kommune (eller herad), ein tidlegare Nordvik sokn? - Og tilsvarande for Drevja??

Sett med 2007 som utgangspunkt, er det mest interessant å sjå den gamle statusen som sjølvstendig kommune i samanheng med den statusen staden har (eller ikke har:)) i dag.

Eg foreslår at artiklane om desse stadene får stå under stadnamnet, når stadnamnet er eintydig.Knut 07:27, 13 februar 2007 (CET)

Eg trur at dei fleste internlenkjer til stadnamn som også er tidlegare kommunenamn vil vedrøre (tett)staden, ikkje kommunen, og det er difor eg legg artiklar om tidlegare kommunar på artikkelnamn med kommune i.
På Wikipedia på bokmål er det systematisk oppretta artiklar om tidlegare kommunar på namn utan kommune etter.
I utgangspunktet har dei berre handla om den tidlegare kommunen (bygd på nokre få grunnleggjande data frå SSB), men dei vert fylde på litt etter litt med stoff om staden, ofte skrive av meir lokalkjende folk. I no:Erfjord står det no fire linjer om den tidlegare kommunen og to om staden. I no:Kinsarvik er det fire linjer om den tidlegare kommunen og ei halv om staden no (dvs. at det er ein ferjekai der). Fleire av Internlenkjene til artikkelen viser til den snevrare definisjonen av Kinsarvik. Dei som har lenkja til Kinsarvik frå riksvegsartiklane har berre tenkt på (tett)staden Kinsarvik, dei har ikkje meint Tjoflot eller ein annan stad i den gamle kommunen. Eg byrja artikkelen Kinsarvik her og då stappa eg inn det eg såg at heitte Kinsarvik, tettstaden, soknet, den tidlegare kommunen (dei tidlegare kommunane, eigentleg) og etternamnet. Seinare har nokon meir lokalkunnig vore der og fyld på med historisk stoff om staden. No synest eg det om kommunen/kommunane ikkje passar inn med resten. --Jorunn 11:27, 13 februar 2007 (CET)
Du trur.... Har du telt opp? Eg telte opp lenkjene til Tjøtta. 2 gjeld øya, 1 gjeld kommunen, 2 gjeld soknet, 4 gjeld garden og 1 gjeld ferjeleiet (på øya). Slik kan vi halde på, og få ulike svar for kvar stad, sidan nokre namn har si sterkaste tilknytning til ein tettstad (t.d. Asker), andre til eit område (t.d. Bærum).
Dei som vil ha informasjon om Drevja, vil aldri finne på å søkje på Drevja kommune. Drevja er eit områdenamn, og det gamle heradet og Drevja sokn har samanfallande grenser. EG vil tru at dei fleste som lenkjer til Drevja tenkjer på området, og ikkje på den gamle kommunen (heradet) eller kyrkjesoknet. Og så om nokon følgjer lenkja og les, får dei informasjon om alt som gjeld Drevja, på ein stad.
Og Kinsarvik er ein grei artikkel, ingen grunn til å endre redigeringa. Knut 17:19, 13 februar 2007 (CET)