Diskusjon:Føderalisme

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen inneheld ikkje ein definisjon av oppslagsordet, har ikkje eksterne kjelder og ser ut til å handla om berre ein liten del av det oppslagsordet vert brukt om. Eg har aldri høyrt at føderalisme er ei anarkistisk oppfinning, og noko av det som står i denne artikkelen er jo heilt motsett av det andre oppslagsverk meiner føderalisme går ut på.

Frå en:
Federalism is a political philosophy in which a group of members are bound together (Latin: foedus, covenant) with a governing representative head.

Frå nb:
Føderalisme (av latin foedus, foedera, «forbund») er et organisjonsprinsipp og en politisk filosofi. Som organisasjonsprinsipp innebærer føderalisme at enheter, selv om de bevarer en viss grad av selvbestemmelse, er bundet sammen med en felles ledelse eller regjering.

Frå caplex:
føderalisme (av lat. foedus, forbund). — 1. Pol. bevegelse som arbeider for å opprette en føderalstat, dvs. en forbundsstat. I EF-landene gikk således føderalistene inn for at EF skulle bli en forbundsstat (Europas forente stater), og de har gjennom EFs omdanning til EU fått gjennomslag et stykke på vei. — 2. Pol. bevegelse som i en føderalstat går ut på å styrke forbundsmyndighetene på bekostning av delstatsmyndighetene.

Frå snl:
føderalisme. (av føderasjon), politisk retning som sier at en stat bør være organisert som en føderasjon (...) I en enhetsstat ville føderalisme innebære krav om løsere integrasjon, men de som har ønsket en slik utvikling, som i Belgia, Spania og til dels Italia, har vanligvis ikke kalt seg føderalister.

Tannkrem 10. mars 2009 kl. 19:29 (CET)[svar]

Direkte gale å isolere dette omgrepet til anarkisme. Og for det anarkistiske omgrepet kan ein like godt seie samvirke. --Ekko 10. mars 2009 kl. 19:41 (CET)[svar]
De må gjerne utvide artikkelen til òg å omfatte den tydinga de etterlyser. Eg meinte dette berre som ei byrjing - med ein tekst teken frå ein bolk av artikkelen om anarkisme. --Erling 10. mars 2009 kl. 19:45 (CET)[svar]
Når det gjeld kva dette har med anarkisme å gjere - sjå òg dette frå den engelske artikkelen om den spanske fagorganisasjonen CNT: Federations and confederations - Unlike organizations that are organized from the top down, the CNT organises itself in an anarchistic fashion, from the bottom up, through different levels of confederations, following the Principle of Federation. Men utvid som sagt gjerne for å dekkje andre måtar begrepet blir bruka på :)--Erling 10. mars 2009 kl. 19:57 (CET)[svar]
Kan du ikkje i det minste laga ei innleiing med ein definisjon av oppslagsordet når du startar nye artiklar, i staden for å forventa at nokon andre skal gjera det? Ein ting er å rydda opp etter nye, uerfarne brukarar, men du er ikkje ein uerfaren brukar. --Tannkrem 10. mars 2009 kl. 20:48 (CET)[svar]
Frå den nye innleiinga: "I ein føderalstat er føderalisme ei politisk retning som vil ha større grad av sentralstyring og tettare integrasjon." Kva er kjelda for denne påstanden? --Erling 11. mars 2009 kl. 16:30 (CET)[svar]
«vil ha» kan tyde to ulike ting i denne samanhengen. Er «søkjer å oppnå» betre? --EIRIK\diskusjon 11. mars 2009 kl. 18:07 (CET)[svar]