Diskusjon:Fjell kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ny tittel?[endre wikiteksten]

Eg gjer framlegg om å flytta artikkelen Fjell i Hordaland til Fjell (kommune), av følgjande grunnar:

  1. Namnet Fjell i Hordaland er lett å misforstå: Det finst mange fjell i Hordaland.
  2. Det finst ikkje kommunar med namnet Fjell andre plassar enn i Hordaland, so Fjell i Hordaland er på ein måte smør på flesk.

Sjå òg: Diskusjon:Sund i Hordaland.
--Verdlanco (diskusjon) 20. des 2004 kl. 11:12 (UTC)

Sjå gjerne òg Diskusjon:Sogn og Fjordane fylke. Eg synest det er greit å flytta dersom alle hangande lenkjer blir retta opp, men ser gjerne at det nye namnet blir Fjell kommune. Jo færre parantesar, jo betre. Ranveig 21. des 2004 kl. 11:36 (UTC)

Fjell kommune høyrest heilt greitt ut for meg òg. Det heiter jo òg Hordaland fylke og ikkje Hordaland (fylke).
--Verdlanco (diskusjon) 21. des 2004 kl. 19:00 (UTC)
Då er kommunen flytta. Dersom nokon skulle vera i tvil, meiner eg. -- Ranveig 24. des 2004 kl. 11:22 (UTC)