Diskusjon:Fjernsynskanal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Ein TV- eller fjernsynskanal er ein programtenste som sender fjernsynsprogram på ein viss frekvenskanal." Er det ikkje heller så at ein fjernsynskanal er den frekvensen ein kringkastar sender eit programteneste/programtilbod på? Det finnes jo til dømes tre TV2 - fjernsynskanalar, men berre ein TV2 kringkastar, (i det minste i Noreg). --Anders 00:36, 28 november 2006 (CET)

Ja, innan telekommunikasjon viser omgrepet «kanal» til det frekvensområdet som er tildelt ei bestemt senning. Ein «kanal» dekkjer eit visst frekvensområde, kalla bandbreidda til kanalen. Dette er bandbreidda til det modulerte signalet. Men når bandbredda er kjendt er det vanleg å berre gje opp senterfrekvensen (ofte frekvensen midt i det tildelte frekvensområdet), som då vert kalla «sendefrekvensen». Ein annan ting er at almugen ikkje bryr seg med omgrep som bandbredde og sendefrekvens. Moderne fjernsynsapparat finn dei ulike sendingane automatisk og brukarane veit kanskje ikkje kva frekvensområde som vert nytta. Så for folk flest har truleg omgrepet «kanal» ei anna tyding enn for elektroingeniørar. Kanskje vi må godta at det finst to slags tyingar av omgrepet frernsynskanal: den tekniske og den som almugen nyttar. Kan vi kalla den suste ein «redaksjonell kanal»?
Omgrepet «frekvenskanal» er noko uvanleg. Det forfattaren meinte var truleg «sendefrekvens» (senterfrekvensen til kanalen)?
--Sigmundg 01:18, 28 november 2006 (CET)