Diskusjon:Fjord

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er ein fjord?[endre wikiteksten]

Det står i artikkelen. Men stemmer definisjonen med fjordar som Vestfjorden og Trænfjorden? I dag for eg over 'fjorden' for å komme meg til hytta, men den fjorden er open i begge ender (jf. etymologien med å fara, sette nokon over, sjå no:Fjord). Så definisjonen her er vel for smal, førebels? - Knut 22:04, 1 mars 2008 (CET)

Eg er til ein viss grad einig med deg. Men eg trur nok definisjonen strengt tatt stemmer slik han står her. Ein fjord er lukka i eine enden, er mykje lengre enn han er brei og er open i den andre. Dei som har gjeve namn til alle kystområda rundt om i landet vårt i løpet av dei siste vel tusen åra har nok ikkje tenkt på denne definisjonen. Uttrykka vert stundom nytta litt om ein annan. Område som ikkje strengt tatt er fjordar vert kalla -fjorden, til dømes ein del sund og område ytst i havgapa (Songvårfjorden i Vest-Agder til dømes). I tillegg vert nokre fjordar, som andre stader kanskje ville vorte kalla ein fjord berre kalla våg eller vik eller til og med sund (Fyksesund i Hardangerfjorden er definitivt ein fjord). Slik ser det derimot ut til å vere i andre fjordområde i verda òg (Doubtful Sound på New Zealand er ein kjend fjord der, eller til og med Scoresbysund, verdas lengste fjord.) --Frokor 22:41, 1 mars 2008 (CET)
Eg synest ikkje definisjonen er for smal. Men me har nok med for få definisjonar i denne artikkelen. Geologane har visst t.d. sin eigen definisjon, etter kva eg ser på diskusjonen på nb:. --Tannkrem 22:53, 1 mars 2008 (CET)
Dersom definisjonen er riktig, slik at ein fjord, i artikkelen si tyding av ordet, skal vere lukka i eine enden, så har ordet fjord òg ei anna tyding. Dette ordet kan ha same etymologiske opphav, men dekkjer eit anna naturfenomen, nemleg sjøområde mellom øyar. Ordet finst i dagleg bruk (eg skal over fjorden i ettermiddag) og det finst i stadnamn som Frøyfjorden og Trænfjorden, i Skottland som Pentland Firth, på norsk omsett til Pentlandsfjorden. På svensk har desse to ordtydingane fått ulik uttale og skrivemåte, sjå sv:Fjord og sv:Fjärd.
Eit anna spørsmål er om lista Fjordar i Noreg berre skal ha med fjordar som er lukka i eine enden, eller om lista og skal ha med fjordar i den andre tydinga av ordet. - Knut 10:45, 2 mars 2008 (CET)
Alle vanlege tydingar må med i denne artikkelen. Han har plass til det. Kva som skal med i lista over norske fjordar er eit vanskelegare spørsmål. Dei fleste sund i Noreg ligg i tilknyting til ein fjord og kunne vera naturleg å ta med i ei slik lista. --Tannkrem 10:56, 2 mars 2008 (CET)
Eg ser at dei to tydingane av ordet er tatt opp på tysk med de:Fjord/de:Förde og på engelsk med en:Fiord og en:Firth, men det er eit sant kaos i interwikilenkjene. - Knut 11:07, 2 mars 2008 (CET)
Eg har omformulert innleiinga og la til noko om ordsoge. Om lista Fjordar i Noreg berre skal ha med fjordar i den vitskaplege tydinga av ordet, får vi evt diskutere der. - Knut 20:26, 2 mars 2008 (CET)
Godt jobba. --Tannkrem 21:41, 2 mars 2008 (CET)

Ivar Aasen i Heimsyn (s.223):
«Naar ein fer Sjovegen Sud-etter so langt som Sudsida av Spania, so kjem ein til ein ovleg stor Fjord, som gjeng umkring som 500 Mil inn i Landet og som er kallad Midelhavet (elder Midlandshavet).» --Jorunn 00:26, 24 mars 2008 (CET)