Diskusjon:Fjordar i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Fjordar i Noreg[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Klipt frå under:

Fjordar i Noreg er akkurat slik eg ynskjer oversiktslister skal vere. Dette er så bra at eg ynskjer ei stjerne i toppen av artikkelen! Hogne 20. august 2008 kl. 22:15 (CEST)[svar]
Samd, eg har tenkt på om eg kanskje skulle nominert han sjølv. Martin NH 20. august 2008 kl. 22:26 (CEST)[svar]
Jepp! --Bep 20. august 2008 kl. 23:32 (CEST)[svar]

Det er noko raude lenkjer i byrjinga av artikkelen, og det burde kanskje stått noko lite om geologi og slik...

I artikkelen om fjordar står det:

Fjordane er oftast U-dalar laga av isbrear, som nå står under vatn. Fjorden er gjerne grunnare der han opnar seg mot havet av fleire grunnar, fordi isbreane sine morenemassar ligg att der, fordi isen var tjukkare lengre inn i landet eroderte han fjorden raskare lengre inne og/eller så stod isen i lengre tid inne i fjordane (og gravde da fjorden meir ut). Denne fjordterskelen gjer at fjordar er rolegare enn det opne havet, og dermed ofte naturlege hamner. Ulempa med fjordterskelen er den hindrar utskifting av vatn, noe som gjør at til dømes forureining ofte vert verande i fjorden i lang tid.

Det burde i denne artikkelen kanskje stått noko om dei mest forureina fjordanen, og kansje litt om økonomiske forhold. Men det er flisespikkeri.... eg røystar! Hogne 1. september 2008 kl. 20:56 (CEST)[svar]

Dalsfjorden med sine fjordarmar ligg i lista under Sogn. Er det ei god grunn til dette, då denne fjorden ligg i Sunnfjord? Artikkelen ligg også på Dalsfjorden i Sunnfjord, så eg reknar med det er ein glipp, men ville ikkje endre på det i fall det var ein tanke bak. Ellers Strålande! MVH 3s 2. desember 2008 kl. 13:43 (CET)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Flotte sider dette her, men det er ikkje hengt på noko kjelder. Kva for kjelder nyttar de for definisjon av kva som er fjordar? Burde det stått kva som definerer ytre og indre punkt for kvar fjord? -- Hogne 15:29, 3 mars 2008 (CET)

Eg nyttar Kartverket sine sider og Kunnskapsforlaget sitt Noregsatlas. Defininsjonane for kva som er fjord er gjeve i artikkelen fjord, men eg trur ikkje det står noko om ytre og indre punkt der. Det burde det kanskje gjort. Som regel gjev det seg sjølv (når ein kikkar på kartet), men i visse høve kan det vere vanskeleg å definere ein enden. --Frokor 16:47, 3 mars 2008 (CET)


Kvitt eller dobbelt[endre wikiteksten]

NRK inviterer til ny runde med Kvitt eller dobbelt. Frokor, du skulle ikkje melde deg på i emnet "Fjordar i Noreg"? :-) --Bep 22:26, 5 mars 2008 (CET)

Hehe, eg trur ikkje eg hadde kome særleg langt. Eg har nok fått litt meir kontroll på kor forskjellige fjordar ligg, men det meste dett fort ut att. --Frokor 22:30, 5 mars 2008 (CET)
Uansett er dette på gang til å bli ein av dei beste artiklane i denne wikipedian. Når du nærmar deg Nordaustlandet kjem eg til å leggje inn nokre få bilete og få han på framsida.... Hogne 09:49, 13 mars 2008 (CET)

Fjordar på Svalbard[endre wikiteksten]

Lista går mot klokka rundt øyane, for meg er det meir naturleg med med klokka, dessutan er det rekkjefølgja i Den Norske Los. Er det motførestellingar til at eg endrar? --Ekko 17:00, 24 mars 2008 (CET)

Ikkje noko anna enn at me går mot klokka med dei andre fjordane i Noreg. Men det er greit for meg. --Frokor 17:02, 24 mars 2008 (CET)
(Stort glis) «Nokon» har faktisk skrivi i innleiinga at fjordane frå Svalbard er skildra «etter klokka». --Ekko 17:46, 24 mars 2008 (CET)
Hm, det kan ikkje ha vore meg :P --Frokor 17:49, 24 mars 2008 (CET)

Om eg ikkje har telt nokon to gonger no så trur eg det er 1191 fjordar på lista. --Frokor 01:27, 2 april 2008 (CEST)

Omgrepet «Fjord»[endre wikiteksten]

Artikkelen/lista er ei framifrå stykke arbeid som fortjener ros og ære.
Ein burde likevel bruke nokre ord på å markere skilnaden mellom

  • fjord som «havarm inn i landet», og
  • fjord som «meir eller mindre avgrensa havområde».

Frå mitt nærområde stå m.a. Tarvafjorden, Kråkvågfjorden og Sulfjorden på lista, alt dette er havområde, og ikkje fjordar i den vanlege tydinga av ordet. --Orland 16:27, 14 april 2008 (CEST)

Det er nevnt under artikkelen om fjordar, men kunne nok godt vore nemnd her også ja. --Frokor 16:42, 14 april 2008 (CEST)

Nærøyfjorden-bilete[endre wikiteksten]

Biletet som skal vere frå Nærøyfjorden er frå Aurlandsfjorden, truleg teke frå ferje/båt ved/nær kaien på Aurlandsvangen, i retning Flåm. Sjå street view--85.167.149.18 20. januar 2011 kl. 21:10 (CET)[svar]