Diskusjon:Folkestyre

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Kurtber, det er betre å diskutere her. Sveits har såvidt eg veit også eit representativt demokrati, men eit større innslag av direkte demokrati enn oss ved det at dei har relativt mange folkerøystingar. Rådssystemet i blant anna Sovjet var også meint å vere meir direkte demokrati ved det at det var relativt mange allmøte ei tid, og at dei valde representantane til råda på nivåa over basisråda kunne tilbakekallast til eikvar tid. Men bortsett frå at rådsdemokratiet i Sovjet fort blei undergravd av eittpartistaten, blir det vel i ein normalsituasjon fort til meir delegasjon enn direktedemokrati i praksis i eit slikt system også. Kor demokratisk folkerøystingar er, kan også diskuterast. Det er døme på autoritære regime som brukte folkerøystingar som fullmakter til å undertrykke, og det er kanskje ikkje alle politiske spørsmål som eignar seg for ja eller nei? Sidan Sveits var nemnt, så var altså dette det siste landet i Europa som innførte stemmerett for kvinner....--Erling 17. apr 2005 kl. 1904 (UTC)

Du må gjerne kalle meg Kurt for å gjere det litt hyggelegare :)
Eg var ikkje ute etter å forsvare eller promotere den sveitsiske demokratiforma :) Kjenner m.a. til at Sveits var det siste landet i Europa som innførte røysterett for kvinner, men det viser i grunn ikkje at styreforma Sveits har veld er dårleg. Det viser at det tek lang tid for Sveits å omstille seg av di ein har eit halvt folk å overtyde før ein kan snu på rattet (I praksis halve folket av di, ettersom eg hugsar det, dei største kantonane har innført røysteplikt).
Den same vanska for å omstille seg kjapt har kanskje (det her vert rett nok synsing frå mi side) ført til at landet har fått gode bilaterale avtalar med EU i staden for å verte snikinnmeld i unionen (trass i at folket stemmer nei) av trassige arbeidarpartipolitikarar. Sveitsarane kunne stemme nei til EØS. - Ja.. Men eg hadde altso ikkje tenkt å forsvare den sveitsiske styreforma... Det er klart at det er mange baksider med den (hovudsakleg treigskapen), og eg tvilar på at eg hadde hatt lyst til å innføre den i Noreg.
Når det gjeld det eigentlege spørsmålet; har Sveits direktedemokrati må eg vel ærleg innrømme at eg ikkje har studert landet godt nok til å kunne svare einsidig på det (noko eg ser for meg at er vanskeleg å gjere). Det som gjer at eg meinar at Sveits må kunne kallast eit direktedemokrati er at kven som helst (med ei lita gruppe mennesker bak seg) kan kreve å lyse ut ei avstemming om eit kvart vedtak. Dei skal rett nok ha ressursar til å marknadsføre synet sitt òg, men det tykkjer eg ikkje er eit demokratisk problem stort nok til å seie at landet ikkje er direktedemokratisk.
Det er jo slik at ein er nøydd til å ha nokon til å utforme lovane folket skal stemme over i eit direktedemokrati òg.
Det at ein, i store delar av landet, har innført røysteplikt fører òg til at ein større del av folket deltek, men samstundes ser ein jo at dei tydelegvis har eit demokratisk problem med låg deltaking i vala. Eg føler likevel ikkje at ein kan seie at Sveits ikkje har direktedemokrati.
Eg kjenner ikkje til rådssystema i Sovjet, men skulle ikkje tru at Sovjet kunne vise til nokon gode døme på demokrati i nokon former? kurtber 18. apr 2005 kl. 0131 (UTC)


Omgrepsfesting[endre wikiteksten]

Her trengst fleire nyanseringar i omgrepsfestinga. Demokrati i austblokklanda tydde vel partiet sitt styre på vegner av folket? Somme statsvitarar nyttar flust med omgrep på avskuggingar av demokrati, soleis liberalt demokrati, avgrensa demokrati, fasadedemokrati og so bortetter, medan andre ikkje brukar omgrepet i det heile. Dei meiner demokrati lyt brukast om eit uoppnåeleg ideal om at alle avgjerder er gjorde av folket, eller noko i den duren. --Berre ei sleggje 14. nov. 2005 kl. 17:56 (UTC)

Artikkelen kan trenge ei utviding med forklaringar av skilde demokrati-omgrep. Eg tykkjer dømet med demokrati i den gamle austblokken (t.d. DDR) er eit godt døme. Den her artikkelen har grunnlag for å verte veldig god og flott. Eg har ikkje byrja på SV-Fakultet endå, so eg tek ikkje sjansen på at eg har grunnlag nok til å definere skilde folkestyre-teoriar... --> Men det virkar som om du har eit betre grunnlag! / Kurtber|Ordskifte 15. nov. 2005 kl. 10:33 (UTC)
Men no fekk eg utdelt heimeeksamen i dag, då, so det får venta... --Berre ei sleggje 15. nov. 2005 kl. 13:07 (UTC)

Omdirigering? (Demokrati vs. Folkestyre)[endre wikiteksten]

Eg tek med ein fridom og omdirigerar Demokrati til Folkestyre. / Kurtber|Ordskifte 15. nov. 2005 kl. 10:33 (UTC)