Diskusjon:Fredrik III av Danmark-Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I namn knytt til dansketida er det trong for litt standardisering av namn før ein flyttar rundt i stor stil. Kongane i dansketida kan heita t. d. XKONGE av Danmark (sjølv om han òg var konge av Noreg), XKONGE av Danmark-Norge eller XKONGE av Danmark-Noreg. Kva tykkjer folk skal vera standard? Eit anna spørsmål er om kva "Danmark-Norge" skal standardiserast til. Kategorien heiter Kategori:Danmark-Noreg, medan det i artiklar ofte står "Danmark-Norge". --Gunnernett 14. apr 2005 kl. 1713 (UTC)

Eg liker best "av Danmark-Norge", det offisielle namnet, som eg òg ser du har brukt for ein Kristian. Så då har me danskekongane. Kva så med dei svenske? "av Sverige og Noreg"? -- Ranveig 14. apr 2005 kl. 1907 (UTC)

Vi - eller nokre av oss - vart samde om Danmark-Noreg skal vere forma for artikkelen om kongeriket. At Danmark-Norge har vore offisielt namn nokon gong, skulle eg gjerne ha sett kjelder for. I gamle diplom finn vi formene Vj Fredrick med guds Naade udvaldt Koning til danmarck og Norgie, Hertug udj Sledszvig, Holstein, Stormaren og ditmersken, grefve udj oldenburg og delmenhorst [1], her Christian, thenn tredie mett guds naade, Danmarckis, Norgis Wendis oc Gottis konningh, hertug wdj Sleszuig, Holstenn, Stormarn, oc Dytmerskenn, greffue wdj Oldenborgh och Delmenhorst, [2], oc sameledes betencke besyndhe oc grandgiiffweligen offwerweghe huess skadhe oc forderffwe ther wille affkome ther forne Danemarcks oc Norges riigher bliiffwe attskiildt [3], Vj Chrestiern med guds Naade Rette Arfving til Norige ud Valdt Konge til dannemarck ock Suerige Hertug J Sleszvig holstein Stormaren og J ditmarsken grefve J oldenburg og delmen Horst, [4], tha wilde her Mogenns bliffue baade Danmarck oc Norrig en huld oc tro mannd [5]. Fasiten - den finn vi i dagens historiebøker. Og i Samlagets norsk historie skriv dei Danmark-Noreg. -- Knut 15:55, 26 januar 2008 (CET)

Ja, det ser rett ut med Danmark-Noreg. --Ekko 16:27, 26 januar 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [6]. BepBot 24. august 2008 kl. 21:50 (CEST)[svar]

[daud lenkje]