Diskusjon:Frukt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette kan gjerast på ulike måtar:

  1. Ha ei separat side frukt som viser til daglegspråk og til botanikk (den svenske løysinga, ei "gaffelside")
  2. Ignorere den eine sida av ordet
    1. Ha ei side som ignorerer den daglegspråklege tydinga (bokmålsløysinga)
    2. Ignorere den botaniske sida (ingen)
  3. Ha ei side med både daglegspråk og botanikk
    1. Først botanikk, så daglegspråk (den engelske løysinga)
    2. Først daglegspråk, så botanikk (den løysinga eg skisserer her)

Vi har nett hatt ein diskusjon om grønsaker, desse sakene heng saman. Det same gjeld bær, som etter det botaniske synet er frukt. Det taler kanskje for å skilje artiklane, dvs. den svenske læysinga. Dermed kan vi peike frå d-frukt og frå d-bær til b-frukt. Trondtr 18. jun 2005 kl. 2123 (UTC).

Dersom botanikk-delen og daglegspråk-delen begge blir store, kan me kanskje dela dei opp, eventuelt ha ei kort forklaring om ein av dei under frukt som viser vidare til ein større artikkel. Men eg trur det er best å skildra dei saman så lenge me kan, ettersom det absolutt er samanheng mellom dei to definisjonane. Eg er einig i at daglegspråket bør koma først - den definisjonen er faktisk eldst, i tillegg er det vel dét dei fleste tenker på når dei høyrer ordet frukt. -- Ranveig 19. jun 2005 kl. 1345 (UTC)