Diskusjon:Fulfulde

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fulfulde: dialektar, Fulfulde: adjektiv, Fulfulde: verbbøying, Fulfulde: verbavleiing, Fulfulde: framlydsveksling og Fulfulde: nominalklassesemantikk bør ligge på andre namn. Her er t.d. finsk fonologi, men eg veit ikkje kva det rette adjektivet er for fulfulde. Fulfuldiske dialektar? Dialektar i fulfulde? ? --Jorunn 26. mai 2009 kl. 22:51 (CEST)[svar]

Fulfulde-dialektar, adjektiv i fulfulde, verbbøying i fulfulde, verbavleiing i fulfulde, framlydsveksling i fulfulde og nominalklassesemantikk i fulfulde, kanskje? -- Olve Utne 26. mai 2009 kl. 22:58 (CEST)[svar]
Kanskje dialektar av fulfulde, forresten... -- Olve Utne 26. mai 2009 kl. 23:00 (CEST)[svar]
Mange takk for desse merknadene! Fyrste spørsmålet er om ein kan lage eit adjektiv av språknamnet fulfulde. Eg har i den siste fulfuldegrammatikken min (Rolf Theil 2008: Fulfulde. Grammatikk over dialekten i 'Aadamaawa. Oslo: Unipub) føreslege fulansk, slik at ein kan tenkje seg fulansk verbbbøying osb. Men fulansk er det førebels berre eg som brukar, og eit rimeleg alternativ er å skrive verbbøying i fulfulde, dialektar av fulfulde. Sidan både Jorunn og Olve Utne føreslår dette, satsar eg på det! --Hrothawulfar 3. juni 2009 kl. 14:36 (CEST)[svar]