Diskusjon:Gunnar Berg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva meiner me med «den største målaren frå Nord-Noreg»? Reknar ikkje med at det tyder at han var fysisk stor. Fint om nokon kan presisera kva slags adjektiv som passar betre på han enn alle dei andre målarane frå Nord-Noreg. Og det bør ikkje vera eit adjektiv som størst, best eller flinkast, for det er ikkje objektivt. Det er sikkert òg ein fordel å vita kven som reknar han for å vera «størst», i staden for å framstilla det som eit faktum at han var eller er «størst».
Og kvifor står det «likevel reiste han til Berlin»? Det er vel ikkje ulovleg å vera i Berlin sjølv om ein manglar eit bein, så eg skjønar ikkje kvifor «likevel» må vera med. Eg synest godt me kan vera meir konsise og presise enn nb:. :-) --Tannkrem 20:07, 13 februar 2008 (CET)

Han reiste same året som han hadde fått amputert beinet — noko litt anna enn å reise etter å ha mangla eit bein i ein del år. «Største», ja... Det er ein konvensjonell måte å skrive det på, men ein meir moderne måte kan sikkert vera minst like god. Fyr på med konstruktive forslag! Når det gjeld kven som meiner det, så bør det inn, ja. :) -- Olve 20:19, 13 februar 2008 (CET)
Kjelda er bokmålsartikkelen, som skriv «Gunnar Berg blir i dag ansett som en av Nord-Norges aller største malere». Det er noko anna. Dette er ein milepålartikkel, og kvalitetskrava skal vere høge. -- Knut 20:29, 13 februar 2008 (CET)
Å reisa til Berlin rett etter å ha kappa av seg eit bein er kanskje litt spesielt. Men ikkje like spesielt viss den amputerte personen bur i Berlin. Artikkelen seier han budde i Tyskland.
Det er ikkje uvanleg å skriva «ein av dei største», det kan eg vera med på. Men når det står «den største» så tenkjer eg at det er snakk om ein konkret storleik som ein kan måla (men ikkje nødvendigvis måla).
Einig med Knut, mange kjem vonleg til å lesa denne artikkelen og då må me gjera han så god me kan. --Tannkrem 20:40, 13 februar 2008 (CET)
(Kort melding midt i karrien:) Om eg har provosert nokon til å fylle på med nytt stoff og gå kritisk gjennom det som står der, så blir det ellevill jubel herifrå... :-) Olve 20:56, 13 februar 2008 (CET)
Eg er litt i tvil om Trollfjordslaget fortener ordet "kampepisode". For meg blir dte litt krig og død og sånn. MEn skal prøve å skrive ein artikkel om Trollfjordslaget så får vi sjå. stykkjet 21:31, 13 februar 2008 (CET)

Nyttige kjelder[endre wikiteksten]

Her er nokre nyttige kjelder om nokon vil arbeide vidare med etterprøving og utviding av artikkelen og andre artiklar om nordnorske målarar:

-- Olve 02:46, 15 februar 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 22:15 (CEST)[svar]

[daud lenkje]