Diskusjon:Høgaste fjella i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fantastisk liste, men kor er Beerenberg? Martin NH 12. november 2008 kl. 09:26 (CET)[svar]

Såg ikkje at sjølve fjellet har eit anna namn.
Men det var eit godt poeng, så eg sette Beerenberg i parantes. --Frokor 12. november 2008 kl. 11:40 (CET)[svar]

Byrjar ikkje denne artikkelen å bli veldig tung? --Lars Ola Eide 3. mars 2008 kl. 14:00 (CET)[svar]

Artikkelen har ikkje vokse sidan han vart oppretta, så han kan ikkje byrje å verte tung. Då har han vore tung heile vegen :-) Om ein ynskjer å lage ei lengre liste, t.d. nr. 1001 til 2000, så bør nok ikkje denne inn her. Han er kanskje i lengste laget, men eg syns det vert uoversiktleg å fordele lista på ti forskjellige artiklar. Me har lengre lister enn dette, t.d. fjordar i Noreg og byar i Russland. Eg syns ikkje dei listene skal delast opp heller. Det kan gjere lista meir oversiktleg å dele ho opp i sjølve artikkelen. Altså lage bolkar ala «Nummer 1-100», «Nummer 101-200», eller noko i den dur. --Frokor 3. februar 2009 kl. 14:29 (CET)[svar]
Meir oversiktlege lister kan ein til dømes få ved å laga oversyn over dei høgaste fjella i kvart fylke. Det er meir truleg at ein vil finna ut noko interessant i ein slik artikkel, enn i ei liste over (til dømes) dei 401-500 høgaste fjella i Noreg. --Ranveig 3. februar 2009 kl. 14:45 (CET)[svar]
Og dei har me alt, t.d. Fjell i Sogn og Fjordane, Fjell i Finnmark. --Frokor 3. februar 2009 kl. 14:48 (CET)[svar]
Ja, kan ein då ønska seg meir? --Ranveig 3. februar 2009 kl. 20:02 (CET)[svar]
Eg ønskjer meg Høgaste fjell i Danmark. --Bep 3. februar 2009 kl. 20:06 (CET)[svar]
Men berre dei fem hundre høgaste då! --Ekko 3. februar 2009 kl. 20:16 (CET)[svar]


men er ikke ulvetanna høyeste hvis du tar med jan mayen.....!?! det er jo 2931 moh....

Beerenberg er høgast på Jan Mayen, 2277 moh. --Frokor 31. desember 2009 kl. 16:03 (CET)[svar]