Diskusjon:HMS «Rodney» (29)

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er litt utanfor kva eg eigentleg veit noko om her, men: Er ikkje armering på eit krigsskip som dette dei kanonane (evt. rakettar/torpedoar) det har, mens stålet langs sida blir kalla pansring? ( jfr. engelsk armour => norsk panser). Når stål og anna blir bruka som forsterking og kalla armering er vel det om det er plassert inni strukturen, jfr. armering av betong eller plast. --Ekko 20. mars 2009 kl. 05:43 (CET)[svar]

Dette ser det ut som du veit - og slik er det - (etter det eg veit).
Jau... Det er nok rett det Ekko seier. Eg retta det no, om det ikkje var fleire stader? Anders 20. mars 2009 kl. 15:31 (CET)[svar]
I følgje kona er det få som kan snakke så overtydande om noko han/ho høyrde i forbifarta for tre år sidan som eg. Så ikkje la dykk lure! --Ekko 20. mars 2009 kl. 19:03 (CET)[svar]