Diskusjon:Halldis Moren Vesaas

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Halldis Moren Vesaas var født den 18. november 1907

Det er jo akkurat det artikkelen seier, jo... --Anders 20:33, 26 september 2007 (CEST)--

Etter spørsmål frå Knut dumpar eg ei maskinomsetting av bokålsartikkelen her. Den bør kunne nyttast til å utvide vår artikkel. stykkjet 10:31, 1 februar 2008 (CET)

Fin lagomsetjing! Neste gong trur eg det vil vera betre å laga ei eiga side (t.d. Halldis Moren Vesaas/Nyno) for teksten, slik at det blir lettare å diskutera eventuelle spørsmål på diskusjonssida (og ho får eigen historikk). --Ranveig 12:18, 2 februar 2008 (CET)
No gjenstår forbetringar. Og så må nokon skrive ein liten bolk som løfter artikkelen opp på det nivået som Halldis Moren Vesaas fortener.
referansane står att, dei må vel hentast ein for ein frå bm-artikkelen?
Eg såg Eirik retta gardsnamnet Mora til Moren - men garden heiter vel Mora? - Knut 17:59, 2 februar 2008 (CET)
Statens kartverk [1] har Mora som namn på denne garden (og Moren som namn på ein annan gard i Trysil); www.vesaas.no skriv berre Mora - så eg kjenner meg sikker på at Mora er namnet (som sjølvsagt vart skrive Moren på dansk-norsk). --Knut 23:56, 3 februar 2008 (CET)

Nyno-evaluering[endre wikiteksten]

Prinsippielt har eg den uleksikalske meinga av artiklane skal vere «våre», og då er det keisamt med omsetjingar. Det gjeld spesielt dei lange, drøftande artiklane. Men når andre wikipedia-språk har gjennomarbeidde artiklar der vi berre har visne spirer, er omsetjing eit godt alternativ. Eg starta omsetjing av denne, men gav opp. Med ei maskinomsetjing som utgangspunkt vart jobben overkommeleg. Spesielt når vi er fleire som tar tak; det er god inspirasjon.

NYNO-omsetjinga brukte verbforma «blir - blei - blitt», ved hjelp av erstatt-funksjonen i word skifta eg til «vert - vart - vorte», men eg gløymde «bli», og fekk dessutan ikkje med meg alle (forstår ikkje kvifor). Kan vi be NYNO bruke spesifiserte verbformer?

Eg tar gjerne fleire omsetjingsrundar, men berre om emnet er interessant. Eg hadde ikkje orka halde på med dette om eg ikkje hadde vore så glad i ho Halldis. -- Knut 19:50, 2 februar 2008 (CET)

NYNO har utallige mulegheiter for å velje stilform ved omsetting. Eg trudde eg hadde stilt inn på Å bli - blir - vart - har vorte som er mi form, men må vel ha blingsa. Omsetting er sjølvsagt ikkje det beste alternativet, men på sentrale emne der vi manglar ting og :no har gode artiklar kan det vere ein god reiskap. Som sagt, gje meg eit hint om de treng ei rå maskinomsetting. stykkjet 20:26, 2 februar 2008 (CET)
Eg ser at HMV,iallfall dei siste åra, skreiv «bli-blir-vart-blitt», så innstillinga di var høveleg i dette tilfellet. - Programmet imponerer! - - Knut 22:14, 2 februar 2008 (CET)

Maskinomsett tekst[endre wikiteksten]

(flytta til artikkelsida)