Diskusjon:Hangarskip

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg tok vekk formuleringar av pirkete grunnar: Eit hangarskip kan ikkje sende opp fly, det er faktisk ein daud ting og gjer ingen ting. "større skip"; større enn kva? --Ekko 11:45, 13 juni 2007 (CEST)

Eit stort krigsskip kunne det kanskje stått. Dei er rimeleg store båtar med lengd på over 300 meter. Lista med land som nyttar hangarskip trur eg var riktig, i alle fall om ein skal tru den engelske utgåva. --Frokor 11:59, 13 juni 2007 (CEST)
Ja, den er riktig. Eg kan godt finna kjelder om det er problemet. -- Nidator 12:19, 13 juni 2007 (CEST)
Ja, eg valde kanskje feil ord, men eg likar ikkje formuleringa slik ho er no. Mange hangarskip nyttar Harrier jagarfly som landar vertikalt og har ikkje nokon landingsbane. Ein kan òg diskutera om dei hangarskipa som nyttar katapult, som ikkje er ein "daud thing", eigentleg har ein startbane. Dei hangarskipa som er i teneste i verda no er større enn dei fleste andre krigsskipa som nyttast (korvettar, fregattar, jagarar, kryssarar, etc.), så eg kan ikkje sjå kva som er feil med det. -- Nidator 12:16, 13 juni 2007 (CEST)
Hm, sjølv om skipet nyttar VTOL-fly som Harrier, så har dei vel ein plass flyet tar av frå og landar på? Kanskje me skal skrive «landingsbane/-plass»? Og mange hangarskip nytar vel katapult og startbane? Berre katapult, var ikkje det noko slagskip hadde til rekognoseringsflya sine under 2. verdskrigen? Det som er feil (i mine auge) med «hangarskip er eit større skip», utan å seie kva det er større enn, er at det er slapp og innhaldslaus språkføring. Dei er vel i røynda dei største krigsskipa som finst, med unnatak for eit eller to gamle slagskip frå USA? Så eg vil ha ei presis opplysing her. --Ekko 20:14, 13 juni 2007 (CEST)
Ja, den formuleringa kan me kanskje nytta. Det er tre forskjellege typar hangarskip i teneste i verda i dag, STOVL (kort take-off, oftast med "skihopp", og vertikal landing), STOBAR (kort take-off med "skihopp" og wire-landing på skråstilt landingsbane) og CTOL/CATOBAR (katapult-take-off og wire-landing på skråstilt landingsbane). Kanskje me òg burda ta med "katapult/startbane", men då vert det litt rotut. Det var det eg ynskte å sleppa unna med ein meir vidtfemnande definisjon. Når det gjeld "større", "stort" eller "størst" så er ikkje det så nøye for meg. Det er mogleg at det er noko eg tok med meg frå bokmål då eg skifte, men eg trudde at å skriva "større" meir eller mindre var det same som å skriva "blant dei største" (av krigsskipa). Missilkryssarane i Kirov klassen er for eksempel større enn det spanske hangarskipet (Principe de Asturias), men reint generelt er jo hangarskipa dei største. -- Nidator 09:56, 14 juni 2007 (CEST)
"blant dei største" er vel sikkert presist nok. Opprekninga di i starten på replikken over bør med i artikkelen, interessant. --Ekko 10:09, 14 juni 2007 (CEST)
Då er me einige om det. Eg skal sjå om eg finn ei kjelde eg kan leggje til saman med opprekninga. -- Nidator 10:24, 14 juni 2007 (CEST)