Diskusjon:Harerug

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vitskapleg namn og taksoboks treng tilsyn.--Andreasv 27. september 2008 kl. 13:54 (CEST)[svar]

Eg retta i samsvar med Lid. --Knut 27. september 2008 kl. 14:13 (CEST)[svar]
Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora (1995) har Bistorta vivipara, og plaserar harerugen i slireknefmilien. --Andreasv 27. september 2008 kl. 17:06 (CEST)[svar]
Når det gjeld familenamn, er fasiten skriven på latin, han seier Polygonaceae - eller syrefamilien på (ny)norsk og slideknäväxter på svensk. Eg gjettar på at Ørjan Nilsson sin flora er skriven på svensk, og at omsetjaren har vald ei namneform nær det svenske. At det finst avvikande latinnamn er ikkje så sjeldan, slik synonym bør vi nemne i artikkelen, saman med autornamnet (namnet på namnsetjaren, i dette tilfellet Delarbre, i følgje tysk wiki. -Knut 27. september 2008 kl. 21:05 (CEST)[svar]
Ser at vi har ei plante til i same famillien: Bokkveite, og den har vorte plassert i sliknefamilien. Wikipediaen på bokmål har og slireknefamilien--Andreasv 28. september 2008 kl. 20:50 (CEST)[svar]
Som sagt er det berre latinnamna som vert fastsett internasjonalt. Og det treng ikkje vere semje om dei, heller. Det finst difor ikkje nokon absolutt fasit. Eg har før foreslått, og gjentek, at vi bruker Lids Norsk og svensk flora som standard. Av fleire grunnar - ein av dei er at floraen er skriven på nynorsk, og vi difor unngår problemet med omsetjing av bokmålsnamn. Men dersom botanikarane skrik «utdatert», skal eg vurdere om eg vil høyre etter. --Knut 28. september 2008 kl. 21:50 (CEST)[svar]
PS: Ser at boka er kommen i ny utgåve som Norsk flora. Den har eg ikkje, men om nokon har den boka, bør den vere standard. Eg skal skrive han på ønskjelista mi til jul . ) - Knut 28. september 2008 kl. 21:54 (CEST)[svar]
Det er nok den gamle blå frå 74 eg har eg og. Er samd i at vi bør nytte Lid. Eg får vel starte på ønskjelista eg og.--Andreasv 29. september 2008 kl. 09:11 (CEST)[svar]
Siste utgåve av Norsk flora har «Slireknefamilien» som norsk namn for Polygonaceae og «Bistora (L.) Adans.» som slektsnamn for harerugslekta. Floraen set latinnamnet «B. vivpara (L.) Delarbre» i utheva skrift, framom dei andre vitskaplege namna. - Knut 6. januar 2009 kl. 21:18 (CET)[svar]
Gratulerer med julepresangen. --Ekko 6. januar 2009 kl. 21:28 (CET)[svar]
«Og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra!» Eg ser du òg har fått noko å lese på, du òg. --Knut 6. januar 2009 kl. 21:35 (CET)[svar]
Jau, kona såg prisen på Norsk Flora, så det blei ikkje den gitt. --Ekko 6. januar 2009 kl. 22:57 (CET)[svar]
Gratulerer med Lid. Måtte prioritere han nedover på (ut av) lista. Biblioteket ville nemleg låne båtbøkene sine sjølve. Du får vere fasit innan planteriket.--Andreasv 7. januar 2009 kl. 08:38 (CET)[svar]