Diskusjon:Heilage Herman av Alaska

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva står Hl. for? Om det er står for St./sankt så er det vel uansett ikkje vanleg å ha dette med i oppslagsordet? Og om det skal med så bør me vel heller bruke den norske varianten. --Frokor 11. februar 2009 kl. 12:33 (CET)[svar]

Kanskje det er heilage når eg for tenkt meg om. --Frokor 11. februar 2009 kl. 12:34 (CET)[svar]

Einig, Herman av Alaska held som oppslagsord. --KRISTAGAα-ω 11. februar 2009 kl. 15:06 (CET)[svar]
På den andre sida har me fleire helgenartiklar som heiter «Den heilage...». Viss dei er kjend som ein «heilag», er vel dette meir relevant enn kvar dei kom frå eller verka? --Ranveig 11. februar 2009 kl. 15:25 (CET)[svar]
Kven avgjer kven som skal vera «heilage» personar? Paven? Er til dømes snåsakallen ein heilag person? For statsrådar (her vil eg poengtera at eg ikkje hadde nokon spesiell statsråd i tankane) og andre som trur at han kan lækja sjukdom er han kanskje det? Dei som av ei grupper/religionar vert sett på som «heilage» vert ofte sett på som Kvakksalvarar av abdre grupper/religionar. Det er kanskje betre å berre nytta namnet til personen som artikkelnamn og så forklara i artikkelen at personen vert sett på som heilag av den og den gruppa/religionen. --Sigmundg 11. februar 2009 kl. 15:40 (CET)[svar]
Om vi skriv Sankt Peter eller Den heilage Peter, Den heilage Birgitta eller Sankta Birgitta vert berre eit spørsmål om språk. Skal vi skrive berre namnet (Peter, Lucia) får vi krasj med artiklane om personnamna. Det finst elles infløkte reglar om heilagkåring av personar, og sjølv om verken eg eller du har noka tru på denne måten å skilje ut menneske på, er det hundrar av millionar menneske på jorda som gjer det. Difor synst eg vi bør kunne halde på desse formene. Når det gjeld Sankta Lucia eller Sankt Georg er det usikkert eller tvilsamt om dei nokon gong har levd, men som helgenar finst dei. --Knut 11. februar 2009 kl. 19:33 (CET)[svar]
Skal vi skrive t.d. Hl./St. Nikolaj II av Russland/Den heilage Nikolaj av Russland òg då? Han er jo ein russisk-ortodoks helgen. Ikkje at me alltid skal følgje dei andre wikipediane, men her er eg samd med praksisen desse køyrer, og det er utan tittelprefikset. Enkelte personar, som Sankt Peter eller Sankta Lucia er så kjende under desse namna at dei bør vere slik, men merk at me her ikkje har kor dei kom frå (Lucia av Siracusa t.d.) --Frokor 11. februar 2009 kl. 20:01 (CET)[svar]
Nei, det trur eg ikkje. Kanskje ein regel kan vere at dei som er kjende som helgenar, som Sankt Hallvard, ligg under helgennamnet, dei som er kjende som mennske, ligg under menneskenamnet (ingen vert heilagkåra medan dei er i live). Og når bade mannen og helgenen er verd ein artikkel, som heilag Olav, kunne vi godt hatt to artiklar, men så lenge det berre er stoff til ein, må vi leggje han inn under mannsnamnet. Avkortingar bør vi unngå, men Heilage Herman av Alaska må vere OK. Hermann av Alaska høyrest ut som namnet til ein konge eller ein greve, det vert heilt feil. Så vidt eg forstår artikkele, er det som helgen han har leksikal interesse. --Knut 11. februar 2009 kl. 20:45 (CET)[svar]
Eg har sett meg litt rundt i verda, og ser at det finst argument både for det eine og det andre. Eg trur ikkje det haster med å ta noko avgjerd, men avstuttingar i tittelen bør vi ikkje ha. Difor flyttar eg til Heilage Herman av Alaska, førebels. Om vi ein dag får ein helgenkjennar med på laget, kan vi ta ein rydjeaksjon.
Eg kjenner ein ekspert på området, men som russisk-ortodoks prest reknar med han hadde likt å nytte tittelen i namnet. Eg trur du er inne på noko. Ein har mange helgenar som ein òg kunne hatt artiklar om på grunn av det dei gjorde medan dei levde. Kanskje desse skulle vore utan tittelen, med mindre dei òg er veldig kjende som helgenar. Me har jo fleire artiklar om ortodokse helgenar der tittelen ikkje er nytta, men desse har eg hatt ein finger med i spelet med (kona mi som skreiv dei). --Frokor 11. februar 2009 kl. 22:06 (CET)[svar]