Diskusjon:Hekseforfølging

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Menn blei da òg i stort mon brendt som heksar? --Ekko 14:53, 15 desember 2006 (CET)

Relativt færre i Noreg, trur eg... Men kanskje tek eg feil? (Har ikkje arbeidd spesielt med hekseprosessar.) -- Olve 14:56, 15 desember 2006 (CET)
Eg hugsar vagt noko om ein historikar som trakk fram Finnmark (og Troms?) i denne samanhangen. Me får leite. --Ekko 14:58, 15 desember 2006 (CET)
Mellom 1450 og 1700 var det om lag 100 000 hekseprosessar i Europa, og om lag 50 000 menneske vart brende levande på bål som trollkvinner eller trollmenn. Om lag 80% av dei tiltala var kvinner. I Noreg var det 730 prosessar frå 1550 til ca 1700. 277 avrettingar er dokumenterte. I ytterkantane av Europa var dei fleste tiltala menn, såleis på Island og i Finland. Dette framgår av Samlagets noregssoge, bind 3. Det kan såleis vere rett at Finnmark som utkant òg har relativt stor andel menn blant dei ramma. --Erling 15:24, 15 desember 2006 (CET)
Burde vi forresten ha ein felles kategori (overkategori, truleg) for heksebrenning og katolske inkvisisjonar? Det er jo i stor grad same fenomenet. -- Olve 15:30, 15 desember 2006 (CET)
En: har hekseprosessane under en:Category:Religious persecution. «Kategori:Religiøse forfølgingar» kanskje? --Ranveig 16:23, 15 desember 2006 (CET)
Det kan vere rett å ha ein overkategori som "Religiøse forfølgingar". Det er rett som Olve seier at metodane (både tortur og avrettingsmåte som ofte var levande brenning) og den religiøst-totalitære tankegangen dei spring ut frå, er mykje den same når det gjeld den katolske inkvisisjonen sine forfølgingar av muslimar, jødar og kjettarar, katolske og protestantiske fyrstar sine forfølgingar av tilhengarar av den andre trusretninga, og trolldomsprosessane. Men hekseprosessane var faktisk meir omfattande i protestantiske land i etter-reformatorisk tid. Såleis i Noreg etter at den lutherske statskyrkja var innført av danskekongen da Noreg vart ein dansk provins. --Erling 17:08, 15 desember 2006 (CET)