Diskusjon:Helheim

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjå Diskusjon:Hel og sei di meining! Både å slå saman dei to artiklana og å halda dei frå kvarandre er greit for meg, me må bare passa på at dei "stemmer" - at informasjon ikkje blir gjenteke for mykje, t.d. -- Ranveig 8. jan 2005 kl. 13:39 (UTC)

Slik eg les Nynorskordboka kan gnagar berre vere substantiv, medan notid av verbet å gnage/gnaga har hovudform gneg med klammeforma gneger. (Som å kome/koma, kjem [kjemer].) Men sikker er eg ikkje. --Jorunn 20. august 2005 kl. 12:20 (UTC)

Frå ordboka:
  • gnage[1] [kløyvd inf -a] gneg [gneger], gnog, gnege el. -i el. gnage [kløyvd inf -a] v1 (norr gnaga)
Så ein kan velge mellom å bøye det som du seier, eller etter v1. Og dømet på v1 i ordboka er «kaste»: kaste-kastar-kasta-kasta. Difor trur eg at «gnagar» og «gneg» er valfrie. Olve kan kanskje komma med grammatisk bakgrunn for dette. --KRISTAGAα-ω 20. august 2005 kl. 16:13 (UTC)
Kristaga har rett her.[2] Det er i og for seg ganske vanleg at sterke verb òg finst i svak utgåve på nynorsk. Dei sterke verba er, med si infleksjon| form, «unntaket frå regelen» i moderne germanske språk. I grunnen litt trist for dei av oss som likar semittisk filologi, men slik er det altså... ;-) Olve 20. august 2005 kl. 22:08 (UTC)