Diskusjon:Helsingfors

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helsingfors eller Helsinki?[endre wikiteksten]

Det hadde ikkje vore ein idé å flytta denne artikkelen til Helsinki? Det er trass alt namnet som blir brukt av dei fleste innbyggjarane i Finland, og i grunnen av dei fleste utlendingar òg. -- Ranveig 8. juli 2005 13:16 (UTC)

Eg trur at Helsingfors er det offisielle norske namnet - i alle fall viss eg skal tru NRK, som konsekvent seier Helsingfors både i radio og TV. Sam Vimes 8. juli 2005 22:56 (UTC)
Ja, Helsingfors er det normerte norske namnet så vidt eg kjenner til òg. -- Olve 8. juli 2005 23:15 (UTC)
Språkrådet ser ut til å vera einige. --KRISTAGAα-ω 9. juli 2005 01:36 (UTC)
Eg bøyer meg for overmakta, men synest nå at Helsinki er mykje finare. -- Ranveig 9. juli 2005 10:18 (UTC)
Ja, eg likar no òg forma Helsinki mykje betre... Men ho er vel nærmast å sjå som ei sideform (eller kanskje ikkje eingong dét...) på norsk, dessverre.... :] Olve 9. juli 2005 kl. 19:36 (UTC)
Jos puhun suomea, niin sanon Helsinki, men viss eg snakkar norsk seier eg Helsingfors. Det same gjeld former som Esbo/Espoo, Vanda/Vantaa, Tammerfors/Tampere, Åbo/Turku, Borgå/Porvoo, Uleåborg/Oulu, Bjørneborg/Pori, Åland/Ahvenanmaa, Villemansstrand/Lappeenranta, osb, osb, osb. I norsk er forma "Helsinki" eit lån frå engelsk. Av alle utlendingar i verda bør vi altså rotte oss saman med svenskane og danskane, og bruke dei svenske namna.
Der er eg heilt ueinig! Dei fleste av dei svenske namna du nemner har eg aldri høyrt om. Dei finske, derimot, har eg støtt på i atlas, såvel som i o-fagundervisinga på barneskulen. Å bruka svenske namn om hovudsakleg finsktalande byar synest eg smakar av kulturimperialisme og dermed POV. Å bruka dei om stader med svensk majoritet er sjølvsagt greiare. -- Ranveig 10. juli 2005 kl. 18:10 (UTC)
Ser poenget med at det kanskje er normert at det skal vera slik, men stør likevel Ranveig! :) Synest ein bør bruke bynamn mest mogleg på det lokale språket, slik det er tradisjon for i norsk (t.d. Milano, Genève, London). Eg seier alltid Helsinki (Tampere, Jyväskylä, Lahti), andre gonger brukar eg begge namna, men nemner det finske først (Turku/Åbo, Pori/Bjørneborg). Einaste svenske er vel Åland. Dette er sjølvsagt nokre inkonsekvente greier som eg har vent meg til, så har ikkje tenkt at det bør vera slik da. Men mest mogleg finske namn, synest eg. Helsingfors er vel eit namn som svenskane sette på byen etter å ha annektert Finland(?). Da kunne det like gjerne heitt Helsingfoss på norsk. Viss det ikkje allereie er nedstemt, gjev eg ei stemme til Helsinki! :) --Erlend 10. juli 2005 kl. 18:29 (UTC)
Nja... Helsingfors er faktisk eit lokalt namn. Akkurat som Hamborg (nedertysk, dansk) er eitt av dei lokale namna på Hamburg (høgtysk). London og Milano er faktisk ein annan type fall. Når det gjeld Åland, så er svensk det lokale språket der. Kompliserte greier, dette.... :] -- Olve 10. juli 2005 kl. 18:58 (UTC)


Eg vil gjerne fornya denne diskusjonen. Eg meiner absolutt at hovudoppslagsordet her bør vera Helsinki. Likeeins Oulu i staden for Uleåborg, Tampere istadenfor Tammerfors osb. Kvifor skal me på norsk nytta minoritetsformen, berre fordi det er eit språk som liknar meir på norsk? Eg likar ellers å halda meg til Språkrådet sine anbefalingar, men her vert dette for ulogisk synest eg. Når eg les artikkelen om Helsinki reknar han opp ei heil mengd forstader og nabobyar som eg ikkje kjem til å finna igjen hvis eg skulle leita etter dei på dei fleste kart, fordi navna der står på finsk. På Åland er svensk einaste offisielle språk, så det er ei grei sak å bruka svenske navn der. Men i resten av Finland, fram for Helsinki, Turku, Tampere, Oulu, etc! Fins det nokon mekanisme for å arrangera avrøystingar om slike spørsmål? (Barend 13. januar 2006 kl. 12:25 (UTC))

Eg må tilstå at eg har vanskar med å forstå dette "majoritet/minoritet"-aspektet. Etter mitt syn har ein majoritet rett til å få språket sitt i høgsetet i eit samfunn, og minoriteten har rett til å bruke sitt språk. På finske gateskilt står det Jokikatu // Ågatan, kva form som stør øvst er avhengig av folketeljinga. Dette blir det brote mot både i Kautokeino og i Afrika sør for Sahara, der majoritetsspråket blir skubba til side av kolonisatorane sine namneformer, på vegskilt og i skoleverk. Men det er ein heilt anna diskusjon. Mange progressive nordmenn skriv "vi er no i Guovdageaidnu/Kautokeino", der det på norsk heiter "vi er no i Kautokeino". Den finske tankegangen her er at språklege rettar inneber rettar til å få lov til å bruke sitt eige språk. I tilfelle Helsingfors, som ligg i gamalt svenskspråkleg område (tar du bussen ut av byen i kva retning du vil, vil den første traktoren du møter på stå på eit tun med svenskspråklege bønder), er det ein språkleg rett for svenskane, og for oss, som snakkar noko som er bortimot identisk med svensk, å få lov til å seie at "Helsingfors ligg i Nyland" ("Helsinki on Uudellamaalla"). Nyland, som på svensk tyder akkurat det same som det tyder på norsk, er på finsk "Uusimaa", eit namn som blir skrive med akkurat så mange u-ar og a-ar. Namnet har lang tradisjon i Noreg også, ein av leiarane i Kvenforbundet heiter t.d. Henry Osima, etternamnet hans tyder "Nyland", og er altså same namn som det vi finn i Finland. Ikkje berre vil nordmenn flest uttale Uusimaa feil (noko Henry sine forfedre tok konsekvensen av), men dei vil gå glipp av informasjonen om kva namnet faktisk tyder. Det same gjeld former som Etelä-Suomen lääni (Södra Finlands län), som Store norske leksikon refererer til med det ikkjeeksisterande namnet Etelä-Suomi lääni (26 treff på Google, "Kunnskaps"forlaget på topp, mot 516000 for den korrekte finske forma, og 56900 for den korrekte svenske). ("Suomen" er genitiv av "Suomi".) Til motdebattantane mine sin ros må eg seie at samtlege har skrive alle finske namn rett, det er meir enn eg er van med frå norske aviser (Nordlys har Oulo som standard). Fors har vi forresten i Noreg også, i Trofors.
I alle fall: På svensk heiter det Helsingfors og Åbo. Viss de fer til Åbo og seier "Så fint det her er i Turku" seier de samtidig "hei, eg er norsk og har ikkje peiling på Finland for fem øre!" (om de likevel insisterer, så uttal det i det minste rett, dvs med t-en i ordet "stork", og med to korte o-ar). Elles har eg gjeve opp når det gjeld lena, som de kanskje har sett. Käytän tästä lähtien suomenkielisiä nimiä myös norjaksi, vaikka se nimenomaan Helsingin tapauksessa näyttääkin äärimmäisen tyhmältä. Trondtr 13. januar 2006 kl. 19:45 (UTC).
Saka er vel ganske enkelt at det er greiast å bruka eit av navna i hovudoppslagsordet, og i teksten, medan ein sjølvsagt lagar omdirigeringsside frå den andre varianten av navnet og brukar begge navn i starten av artikkelen, slik det er no. Ut frå akkurat det du seier synes eg kanskje det ville vera greit å bruka det svenske navnet i byar som har svenskspråkleg fleirtal. Men etter å ha sjekka på svensk wikipedia ser eg at det i både Helsinki og Turku er godt under 10 % som snakkar svensk, og i Oulu og Tampere endå mindre. Då ser eg ingen grunn til at me skulle bruka det svenske navnet i Noreg. Svensk og norsk er ikkje samme språk! Og om ein skal begynna med argument som 'informasjon om kva navnet faktisk tyder' så må ein vel, til dømes, begynna å kalla Novgorod for Nyby og Newcastle Nyborg. Ellers er det vel ikkje så rart om Nordlys og andre har problem med finske navn hvis norske riksdekkande media og finlands-ekspertar insisterer på å bruka dei svenske navna heile tida.
Og forøvrig: Dette blir litt på sida, men eg synest du blir litt lingvistsnobbete på slutten: Når eg skal snakka om Moskva, London eller Rhodos på norsk så uttalar eg det Måskva, Låndån og Rhodos, ikkje Maskva, Lʌndn eller Råðås. Og eg ville sei Turku, med fine, spisse u'ar og så aspirert 't' som eg berre vil! :-) (Barend 14. januar 2006 kl. 16:46 (UTC))
Snobb vil eg helst ikkje vere, og Låndån, Måskva, Rådås skal vi uttale på norsk når vi snakkar norsk. Problemet med Turku er at den skandinaviske forma er Åbo, eit ord vi kan uttale. Og det at du blir til lått viss du dreg til Åbo og kaller det "Turku" når du snakkar norsk, er ikkje noko eg har snobba meg til, det er faktisk sant. Alle finskspråklege finnar du møter vil kalle byen Åbo når dei snakkar svensk. Men hald fram med thurku, du ;-), og det at du veit at Åbo er Turku på finsk vil dei jo sjå positivt på.. Til sjølve saka: Vi bør sjølvsagt ha omdirigeringssider, slik at vi har både finske og svenske namn som oppslagsord. Malboksane er litt problematiske, eg har laga ein tospråkleg boks for kommunar i Egentliga Finland, han blir litt full, elles har eg vel stort sett gjeve opp, og gått over til finsk (men Helsingfors er ein by eg har sterke kjensleband til, så her er det rart å bruke Helsinki (både finnar og svenskar seier forresten Hesa, med kort e og kort s). Elles har dei aller fleste finske byane finsk som fleirtalsspråk, også byar i Svenskfinland, unntak er Kristinestad/Kristiinankaupunki, Närpes/Närpiö, Jakobstad/Pietarsaari, Nykarleby/Uusikaarlepyy]] og sjølvsagt Mariehamn/Maarianhamina, dei er vel dei fleste, eg kjem ikkje på nokre byar i Nyland (Uusimaa) som har svensk fleirtal. Alle namna som har vore oppe i debatten til no har altså finsk fleirtal. Argumentet mitt går heller ikkje på fleirtal eller ikkje, men på prinsippet om å bruke skandinaviske namn. Skråstreksnamn i løpande tekst skal vi halde oss langt unna, det er like ille i Finland som i Finnmark. Denne diskusjonen var oppe på Wikipedia-diskusjon:Nordiske_geografiske_einingar, vi bør kanskje halde fram der. Om eg ikkje får gjennomslag for mitt syn kan eg kanskje få dykk med på Olve sitt kompromiss. Trondtr 14. januar 2006 kl. 17:15 (UTC).

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 22:28 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

Død lenke 2[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 24. august 2008 kl. 22:28 (CEST)[svar]

[daud lenkje]