Diskusjon:Hirden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg kom til å tenke, heiter det ikkje «Hirda», og ikkje «Hirden»? Lars 16:24, 26 juni 2007 (CEST)

Kva nazistane kalte sin halvmilitære organisasjon må vere avgjørande for kva for namn vi skal bruke her, sidan det er den nazistiske organisasjonen som er omtalt. Det er vel for mykje å håpe at organisasjonen ikkje hadde noko nynorsk namn....
Den gamle hirda frå sagatida er ikkje omtalt i artikkelen, og den hirda høyrer vel heller heime i sin eigen artikkel. Det bør på ein eller annan måte vere ein peikar til mellomalderhirda først i artikkelen. - Knut 21:20, 23 september 2007 (CEST)
Men, dei hadde jo teke eit gammalt norrønt namn, som då vert «hirda». Fleire meiningar?Lars 21:39, 23 september 2007 (CEST)
Eg ser at ordet hirda er bruka på nynorsk: [1]. Men sidan Hirden òg er eit eigennamn, kunne det vere interessant å vite om nynorsknamnet Hirda (eller Hirdi) vart bruka under eller før krigen. -Knut 22:02, 23 september 2007 (CEST)

Historikaren Magne Skodvin skriv i Norsk Historie 1939-1945, Samlaget 1991, konsekvent Hirden om NS-organisasjonen (Skodvin skriv nynorsk). Så om ingen kan dokumentere ordet Hirda betre, vil eg foreslå å flytte attende. - Knut 22:32, 23 september 2007 (CEST)

Greit for meg. Men kva med bruken i mellomaldaren? Skal vi ha hirda eller hirden der? Lars 22:36, 23 september 2007 (CEST)
Ingen tvil om at det heiter ei hird og hirda om det alminnelege substantivet, anten det gjeld mellomalderen eller Mose tid (kap 50 vers 4). Men ikkje flytt attende før ein av wiki-veteranane har uttalt seg:) - Knut 22:43, 23 september 2007 (CEST)
Veteranbilen humpar inn... Eg er einig i at NS-organisasjonen bør stå under Hirden. Det er nok det namnet dei fleste kjenner han under. Den opphavleg hird(a/en) bør me skriva om under hird, med omdirigering frå hirda -- for det fantest då vel fleire hirder, for ulike kongar? --Ranveig 01:18, 24 september 2007 (CEST)
Læreboka mi i historie, «Vegar til vår tid, Noregshistorie etter 1850» bruker «hirda». Lars 19:44, 24 september 2007 (CEST)
Er den læreboka skriven på nynorsk, eller er ho omsett frå bokmål? For sjøl om hirda er språkleg korrekt, kan hirden vere historisk korrekt. Eller så er det kanskje delte meiningar, også her på nn-wiki? -Knut 23:26, 24 september 2007 (CEST)
Eg trur læreboka er omsatt frå bokmål, men det er vel rimeleg å annta at omsetjaren har nokon lunde peiling på kva han/ho driv med. Det er forresten denne boka det er snakk om: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=1869060&rom=MP Lars 18:50, 25 september 2007 (CEST)
For all del, eg meiner ikkje at lærebokforfattar eller omsetjar ikkje har peiling. Men Magne Skodvin har òg peiling, og då må vi gjere eit val. Mitt val er å bruke riksmålsforma på eigennamnet til naziorganisasjonen. Men vi kan godt organisere ei avrøysting. - Knut 21:47, 25 september 2007 (CEST)


Landshirdsjefar[endre wikiteksten]

Het det verkeleg sjef og sjefar? Var dei ikkje førarar eller det som større var? - Knut 21:47, 25 september 2007 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 24. august 2008 kl. 22:31 (CEST)[svar]

[daud lenkje]