Diskusjon:Hjelperakett

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alle rakettar nyttar drivstoff, så «drivstoffrakett» (ser at WP på bokmål òg nyttar det) er vel ikkje så beskrivande? Det kan vera interessant å sjå på kva dei store romfartsnasjonane nyttar: engelsk «solid booster», fransk «les etages d’accélérations à poudre» (krutaksellerasjonstrinn) og russisk «Твердотопливные ускорители» (fastdrivstoffakselleratorar). Kva med «fastdrivstoffaksellerasjonsrakett», eller berre «fastdrivstoffrakett»? --Sigmundg 18. juli 2009 kl. 18:56 (CEST)[svar]

Du har logisk sett rett i det, søkte på drivstoffrakett på Google og det er stort sett berre bokmålsikien (+ irriterande wikispegl) som nyttar ddet begrepet. Fastdrivstoffaksellerasjonsrakett er sikkert noko, men det gjev nok ikkje noko tilslag på Google, ikkje fastdrivstoffraket heller. Eg ser store norske og ein del andre nettstader nyttar hjelperakett. Kanskje det bør verte oppslagsordet? Anders 18. juli 2009 kl. 19:41 (CEST)[svar]
Ja, «hjelperakett» er eit godt ord. Det er nettop det faststoffbrenslemotorane vert nytta til. --Sigmundg 19. juli 2009 kl. 07:04 (CEST)[svar]
Faststoffbrenslemotorar er vel meir spesifikt ein type hjelperakett, medan en:Liquid rocket booster er ein annan? Det ser ut som at drivstoffet er einaste skilnaden. Anders 28. august 2009 kl. 13:15 (CEST)[svar]