Diskusjon:IRA

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Å kalle IRA for ei venstregruppering er temmeleg upresist. Rett nok hadde/har organisasjonen tette band til Sinn Féin, eit klårt sosialistisk parti, men etter mi meining er ikkje statusen like klår når det gjeld IRA. Ein bør i alle høve gjere klart kva for IRA og når det er tale om. --Ekko 14:24, 15 februar 2008 (CET)

Me burde nok hatt fleire artiklar om IRA, eller iallfall ein større ein. Slik at ein veit kva for eit IRA artikkelen vår handlar om. Denne artikkelen ser ut til å handla om dagens The Provisional IRA (PIRA) og alle forløparane.
Men for å svara på påstanden din:
  • IRA delte seg i 1969 i det marxistiske The Official IRA (OIRA) og ovannemnde PIRA, som også hadde ein klår venstreideologi. Etter dette, heilt fram til i dag snakkar ein stort sett om PIRA når ein brukar forkortinga IRA.
  • The Continuity IRA (CIRA) braut ut frå PIRA i 1986, ikkje grunna ein høgre-venstre-konflikt, men fordi PIRA gav opp politikken om en:Abstentionism, altså det å stilla til val utan å ta sete der ein vert vald inn. CIRA driv politisk arbeid gjennom utbrytarpartiet Republican Sinn Féin (Sinn Fein er òg eit organisasjonsnamn som har vorte brukt av fleire organisasjonar).
  • The Real IRA braut ut frå PIRA i 1997 fordi dei var mot fredsprosessen.
Eg synest ikkje det er noko her som tilseier at IRA i dag ikkje tilhøyrer venstresida, akkurat som dei gjorde på 1960-talet. (Tek atterhald om at eg no berre har brukt engelsk Wikipedia som kjelda for påstandane mine, sjå en:List of IRAs)
Først og fremst er jo IRA nasjonalistar, så eg skal ikkje grina om du fjernar dei frå kategorien. Men i den grad og i dei periodane dei har hatt ein klår politisk ideologi utover det å vera nasjonalistar, har dei heilt klårt (like klårt som Sinn Fein) tilhøyrt venstresida, meiner eg. Unntaket er vel perioden mellom 1935 og 1960. Så eg synest ikkje det er veldig upresist å hevda at dei er ei venstregruppering. --Tannkrem 15:29, 15 februar 2008 (CET)
Splittinga i -69 skjedde vel mest av di dei gamle hadde lagt ned våpna, så det nye IRA var meir ein spontan organisering. Og då meir nasjonalistisk enn sosialistisk. Så innvendinga mi er ikkje så mykje at merkelappen sosialistisk er feil, men at det blir feil når når han står åleine, når sosialismen er underordna det nasjonale spørsmålet i organisasjonen. --Ekko 18:57, 15 februar 2008 (CET)
Mange av dei andre artiklane i den kategorien er jo òg først og fremst nasjonalistiske eller frigjeringsrørsler av ulike slag. Når nokon snakkar om ETA eller PFLP så er ikkje sosialismen det første eg tenkjer på, då heller. Kategorisering er vanskelege greier, og artiklane i denne kategorien kunne sjølvsagt høyrt minst like naturleg inn under Kategori:Væpna separatistrørsler, Kategori:Geriljagrupper, Kategori:Væpna nasjonalistar, Kategori:Paramilitære grupper, Kategori:Nasjonalistiske sosialistgrupper, Kategori:Sosialistiske grupper for nasjonal frigjering osb. Men eg har iallfall lagt dei gruppene eg veit om som definerer seg sjølv på venstresida og som brukar våpen inn i den kategorien eg synest dei høyrer heime i. Fleire kategoriar vil vel bøta på det du ser som eit problem her, og fleire kategoriar til å putta IRA i kjem vel når me har litt fleire artiklar om utanlandske politiske grupperingar som ikkje stiller til val. --Tannkrem 03:15, 18 februar 2008 (CET)