Diskusjon:Irsk skriftspråk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er tabellen for mutasjonar, jfr. det eg har skrivi om det i irsk språk. Den teksten må saman med tabellen om dette skal gje meining. I tillegg må broad/slender erstattast med ikkjepalatalisert/palatalisert. (Og den teksten må saman med tabellen). Bruken av aspirasjon i staden for lenisjon har eg ikkje sterke oppfattingar om, men eg trur det er gamaldags. Om denne tabellen høyrer heime her er ei anna sak, men nå må eg i butikken med kjerringa. --Ekko 12:52, 30 desember 2006 (CET) Kva er rette måten å vise palatalisering? Eg lar j'en stå for no, men det er vel ikkje rett? --Ekko 17:14, 30 desember 2006 (CET)

Det kan godt hende dette er ei dum plassering. Filosofien min var: Prosa i hovudartikkelen, tabellar i underartiklar. I verste fall kan vi doble tekst. Kva som er fonologi og kva som er skriftspråk er glidande overgang, kanskje slik: Reglar for uttale av bokstavar er nett det (og høyrer heime her), mens systematisk framstilling av lydsystemet er fonologi. Viss det inneber at den same tabellen står to stader, med ulik brødtekst rundt, er det for så vidt greitt. Trondtr 17:17, 30 desember 2006 (CET).