Diskusjon:Jødedommen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2006.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2006

Denne artikkelen har vore føreslått som ein god artikkel, men vart røysta ned. Dette er den arkiverte diskusjonen:

Jødedommen[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Har vore henta fram som eit godt døme fleire gonger, men kanskje han er litt for lang? (Dobbelt så lang som teknisk tilrådd) -- Ranveig 22. mai 2006 kl. 17:13 (UTC)

Denne er verkeleg særs god. Nokre få uklåre punkt, men eg les han om igjen når ungane har lagt seg. --Ekko 22. mai 2006 kl. 18:12 (UTC)

Røysting[endre wikiteksten]

  • Imot Imot Det står mykje bra i han, men han bit over for mykje. Det blir mange raude ord, og artikkelen viser og til sentrale støtte-artiklar som ikkje finst. Eg trur vegen å gå er å justere ned ambisjonsnivået, slik at dette blir ein god oversiktsartikkel, og å få skrive støtte-artiklane det blir vist til. Då blir dette noko me kan vera særs stolte av. --Ekko 21:45, 14 november 2006 (CET)
  • Imot Imot. For lang og tung for meg iallfall. Bør me fjerna han frå kandidatlista inntil vidare kanskje? --Tannkrem 20:30, 15 november 2006 (CET)


Retningar av jødedommen[endre wikiteksten]

Ville det vore teneleg å flytta delar av dette avsnittet til ein underartikkel? Den noverande bolken er litt for lang til å ta inn i ei rask gjennomlesing. Eg ser for meg at dei to første avsnitta blir ståande og at ein kanskje lager ei lita oppsummering av "Religiøs og politisk inndeling". -- Ranveig 10:51, 16 oktober 2006 (UTC)

Lang artikkel[endre wikiteksten]

Som det er blitt sagt på wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar er denne artikkelen litt tung. Eg har tidlegare gått gjennom han og korta ned noko, men det var vanskeleg. Ein betre måte å skjera ned på ville kanskje vera å flytta alle lange avsnitt til underartiklar (som så kan skrivast om viss det trengst), og deretter koma tilbake til hovudartikkelen med ei oppsummering. --Ranveig 15:14, 4 desember 2006 (CET)

Hørest greitt ut. :-) Olve 15:43, 4 desember 2006 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 24. august 2008 kl. 23:09 (CEST)[svar]

[daud lenkje]