Diskusjon:Jeppe på Bjerget

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bjerget er vel eit stadnamn, slik at det her var rett med stor B. -Knut 20:06, 6 november 2007 (CET)

Der fann du eit kjempehol i almenndanninga mi. Ikkje veit eg. --Ekko 20:16, 6 november 2007 (CET)
Hadde vi bruka originaltitlar, hadde vi ikkje trengt spekulere på slikt .. .. . -Knut 20:26, 6 november 2007 (CET)

Dei av dykk som insisterer på berre omsette titlar burde vel strengt teke ivra for å flytte denne til Jeppe på Berget... Namneutgåva med j er såvidt eg kan hugse berre ei språkleg bearbeiding, ikkje ei omsetjing... ;-P Olve 20:50, 6 november 2007 (CET)

Tenkte på det same. Eller Jeppe på fjellet. ;-) --Frokor 20:58, 6 november 2007 (CET)

Skal vi vere seriøse, så ser vi at det å bruke dei mest kjende namneformene blant nynorskbrukarar (her Jeppe på Bjerget) er betre som oppslagsord enn originalnamnet Jeppe paa Bierget (evt med undertittel: Jeppe paa Bierget Eller Den forvandlede Bonde) og betre enn den nynorske omsetjinga Jeppe på Berget, som enno står som raud lenkje under Det Norske Teatret. Og hadde dei av dykk som insisterer på berre originale titlar vore villige til å møte motparten på halvvegen, hadde vi kanskje greidd å få konsensus. Var det ikkje eit eller anna med at når berget ikkje ville komme til Muhammed, så måtte han i staden komme til berget? -Knut 21:35, 6 november 2007 (CET)

Du meiner vel محمد til جب? ;-) Beklager om eg har sluppe kampesteinar på foten til nokon ved å flytta i veg, eg syntest berre ikkje me kunne ha ein tittel som var heilt feil ståande. --Ranveig 22:20, 6 november 2007 (CET)
Eg er (var) faktisk interessert i eit fornuftig og fagleg forsvarleg "kompromiss", men begynte å gje meg ut av denne diskusjonen da ting utarta... Eg slost hardt for å få til Nynorsk Wikipedia — men akkurat no har eg ikkje tid til slåsting, så da får det vel berre bli det eine eller andre ytterpunktet i denne saka. Dessverre. -- Olve 00:30, 7 november 2007 (CET)
Ofte er det vanskelegare å forsvare kompromiss enn ytterstandpunkt. Men eg er ikkje vand med å gå av vegen fordi noko er vanskeleg. Fleirtalsønsket om norske namn på åndsverk samsvarer med praksisen på nær alle andre wikipediaspråk, det samsvarer med praksisen i (mi utgåve av) Kunnskapsforlaget store norske leksikon, det samsvarer med praksisen i Cappelens musikkleksikon - så spesielt ytterliggåande er vel ikkje ønsket. Eg opplever artikkeloverskrifter som Huey, Dewey og Louie Duck og Jeppe på Berget som ytterleggåande på kvar si side, og trur det er lettare å finne gode samlande løysingar om vi sluttar å slåst. -Knut 21:24, 7 november 2007 (CET)