Diskusjon:Jesus

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg rulla attende endring av di den hadde meir preg av forkynning enn av leksikalsk framstilling. Til dømes er setninga "Læra er at Gud av kjærleik gav sin sån Jesus som erstattar for alle menneskjes missgjerningar" meiningslaus som skildring av kva Jesus skal ha sagt. --Ekko 07:25, 12 oktober 2006 (UTC)

Edring 07:19, 12 oktober 2006[endre wikiteksten]

Det som sto om Jesu forkynning før mitt endringsforslag er direkte feil og særdeles mangelfult. Mitt forslag er ikkje forkynning, men ein heilt historisk korrekt. Men om det som står i kattegorien Jesu forkynning, faktisk høres ut som forkynning, er ikkje det så rart.

Tidlegare feil:

"Mykje av det Jesus sa truga dei leiande retningane innan jødedommen på den tida. Han tok gjerne partiet til fattige, arme og syndarar, og hevda at dei hadde ein mykje betre sjanse til å oppnå Paradiset enn dei som levde etter dei religiøse lovane, men ikkje tok seg nok av andre. Han lærte òg at ei ny tid snart skulle koma, og at folk måtte angra og gjera bot, og var slik ein endedagsprofet."

Jesus kom med eit nådens bådskap, der han sjølv var offerlammet, han sa aldri at nokon skulle gjera bot for egne gjerningar. At folk som tok seg av fattige via sine gjerningar kunne håpe på eit liv i himmelen er direkte feil. Hans bodskap var nåde for alle som trur. Frelsinga kjem av nåde og ikkje pga. gjerningar!

Utsagnet: "Ein del bibelforskarar meiner at mange av desse mirakla heller er allegoriar om at han opna augene og øyra til folk for den nye læra si." Dette er direkte latterlig. Det er ingen tvil om at det evangelia fortel er verkelege helbredingar. Å nevne dårlege missopfattingar av håplause forskerar er irrellevant og missvisande. Ingen verkeleg teolog eller bibelkjennar kunne ha uttalt noko slikt! Det er ingen tvil om kva Bibelen fortel. Men kvar enkelt får velja å tru om det er sant eller ikkje. I den samanheng kan det også seiast at Jesus vekte mange døde opp at til livet.

Når det gjel din kritikk til: "Læra er at Gud av kjærleik gav sin sån Jesus som erstattar for alle menneskjes missgjerningar". Denne kritikken er den grunnlaus. Heile Bibelen har eit vers som summerar opp bodskapen, også kalla Den vesle bibelen: Johannes 3.16. Les dette verset før du sier noko meir.

Eg skal ikkje påstå at mitt bidrag er perfekt, men det er heilt korrekt, og mykje betre enn det førre som er direkte feil, svært tynt og missvisande.

Å påstå at ditt bidrag er historisk heilt korrekt syner vel at vi har noko ulikt syn på bibelens verdi som historisk kjeldeskrift. Det religiøse innhaldet i ulike kristne trusretningars syn på Jesus høyrer sjølvsagt heime i artikkelen, men kanskje på ein litt meir nyansert måte? At alle kristne trussamfunns syn på bibelen og Jesus kan formulerast i ei setning er kanskje ikkje heilt rett? Og har eg rett i at norsk ikkje er ditt førstespråk? Det kan hende at du framstår som noko meir krass enn du har tenkt, oppmodinga om å lesa skrifta er på sida av saka. (og ja, eg har gjort det. Fleire gonger. I 30 år.) --Ekko 09:18, 12 oktober 2006 (UTC)