Diskusjon:Johan Nygaardsvold

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Med Nygaardsvold-regjeringa blei demokratiet sikra og bygginga av velferdsstaten tok til." Kva tyder dette? Det høyrest litt merkeleg ut dette med at demokratiet vart sikra. Kven vart det sikra i mot? --Magnus 27. jan 2005 kl. 1222 (UTC)

Demokratiet blei sikra gjennom den aktive krisepolitikken som skapte ny optimisme i det arbeidande folket, ikkje minst på bygdene, og såleis minska dette ein eventuell massebasis for fascismen her i landet. Demokratiet blei vidare sikra ved at det blei slutt på den verbale borgarkrigen mellom sosialistane (Arbeidarpartiet) på den eine sida og ein samla borgarleg front på den andre. Med andre ord: Omgivnadene for fascistrørsla blei mindre gunstige. Der fascismen kom til makta, skjedde det i borgarlege koalisjonar. Det er allmenn semje blant historikarar at demokratiet blei konsolidert i og med kriseforliket og Nygaardsvold-regjeringa, og at dette bidrog til den etter måten samla avvisinga av Quislingstyret under okkupasjonen. Samanlikna med til dømes Frankrike, der det i eigentleg forstand kontrarevolusjonære Frankrike fekk styre halve landet (Vichy-regjeringa) utan særleg tysk innblanding før mot slutten av krigen. --Erling 27. jan 2005 kl. 1543 (UTC)
Takk for svar. Er det ikkje betre å skriva at N.-regjeringa bidrog til å gjera massebasisen for fascisme mindre, og argumentera for det, heller enn å berre skriva at demokratiet vart sikra? Det er nok ikkje openberrt for alle lesarar av artikkelen kva trugsmål ein siktar til.--Magnus 27. jan 2005 kl. 1618 (UTC)
Skal prøve å få fram det. --Erling 27. jan 2005 kl. 1706 (UTC)