Diskusjon:Joseph Haydn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mange lenkar står no opne. Eg skal forsøkja å fylla att så mange av desse som mogleg innan kort tid. Eg byrja å skrive om strykekvartetten, men fann ut at eg hadde for lite stoff til å skriva noko fornuftig. Om nokon vil fortsettja på denne biten set eg pris på det.Sirion123 22. mars 2009 kl. 16:47 (CET)[svar]

Referansar (igen)[endre wikiteksten]

Under Referansar står det (på bokmål):

«Skrivemåten Josef ble noen ganger og brukt; han brukte aldri navnet Franz»

Dette er ikkje ein referanse, men ein fotnote! --Sigmundg 22. mars 2009 kl. 19:55 (CET)[svar]

Orsak, eg byrja artikkelen ved å tjuvlåna det som stod på i bokmålsartikkelen, og må ha gløymt å fjerna denne referansen. Elles er eg klar over at artikkelen er klinisk fri for referansar, og dette er noko eg skal sjå om eg kan ordne på dei neste dagane. Sirion123 22. mars 2009 kl. 19:57 (CET)[svar]

Nokre innspel[endre wikiteksten]

Hei, flott at nokon tek tak i musikkstoffet vårt.

Eg har freista å lese innleiinga eit par gonger, men forstår ho ikkje heilt. Noko seier meg at meininga forsvinn i eit forsøk på å vere språkleg elegant. Eg skulle gjerne ha retta opp i det sjølv, men er usikker på kva eg skulle rette det til.

  • "I dag er Haydn mogleges mest kjend som i to rollar" (er mogleges eit ord?). Kjend "som i to rollar"?
  • "rollefigur og læremeister for Mozart og Beethoven (sistnemnde var og eleven til Haydn i ein kort periode)". Var han læremeister til begge eller berre Beethoven? Og kva er ein "rollefigur"? Rollemodell? Bruk av "sistnemnde" i parantes blir òg ofte litt lite presist.
  • "I motsetnad til populæropinionen er konsensen i fagkrinsar"[...]. Kva meinast med det eine og det andre her (populærop. og fagkr.)?
  • "dei beste verka han laga ikkje står noko attende for dei to yngre og meir kjende klassikarane." Kva for klassikarar? Pratar me her om to verk eller om Mozart/Beethoven?
  • "ynskjer mange å forsøkja å jamna ut denne forskjellen." Viss ein meiner at Haydn heldt same nivå som Mozart/Beethoven, er det vel ingen forskjell å utlikne, men ein vil vel heller gje han den status han fortener.

--Bep 22. mars 2009 kl. 20:54 (CET)[svar]

Takk for hjelpsame innspel, eg har forsøkt "pynta på" på alle punkta du nemnde. Det er ingen løyndom at eg er ny her, og at skrivinga mi kanskje treng litt finpussing. Eg er ikkje nøgd med ordstillinga slik ho står nå, innleiinga er litt for "ordrik" og klumsete framstilt. Men no skulle det i alle fall vera lettare forståeleg, so får ein heller retta på detaljane sidan. Sirion123 22. mars 2009 kl. 22:50 (CET)[svar]