Diskusjon:Junichiro Koizumi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva skal artikkelen heita? Koizumi Junichiro er slik han sjølv seier namnet sitt. Junichiro Koizumi er tilpassa vestleg namnemønster. Me har tidlegare brukt "innfødde" namn, med slektsnamnet først, på ein del indiske musikarar, og eg vil gjerne gjera det for japanarar òg. Men han her er kanskje best kjend i vestleg stil? -- Ranveig 29. mai 2005 kl. 1509 (UTC)

Eg søkte norske sider på Google og fann at alle skriv namnet i vestleg stil, Junichiro Koizumi. Er det dermed opplest og vedteke at me skal omdøypa japanarar på norsk? Kanskje det blir enklast slik, men eg er ikkje heilt overtydd. -- Ranveig 30. mai 2005 kl. 1909 (UTC)