Diskusjon:Jupiter

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor er innhaldet i artikkelen "Jupiter" endra frå planet til gud?[endre wikiteksten]

Hmmm... Eg er ikkje utan vidare samd i at Jupiter skal handla hovudsakleg om guden. Det kunne ha passa dersom dette oppslagsverket hadde vore skrive for fleire hundre år sidan, då mytologi var viktigare i dagleglivet enn astronomi og annan vitskap. Men i dag er Jupiter først og fremst namnet på ein planet. Etymologien bak namnet Jupiter (at det ein gong i tida fanst eit folk som kalla guden sin dette) er viktig, men bør ikkje få hovudfokus i artikkelen Jupiter, etter mi meining. Det same synest eg forøvrig om Mars og Venus. Ord endrar tyding over tid, og vi kan ikkje tvihalda på den opprinnelege tydinga.
Mitt framlegg er å laga eigne artiklar om Guden Jupiter, Guden Mars, osb., men la Jupiter peika på Planeten Jupiter. Men eg bøyer meg sjølvsagt dersom der er semje blant dei andre redaktørane om det motsette.
--Verdlanco (diskusjon) 20. jan 2005 kl. 10:48 (UTC)

Hmmm, eg er faktisk einig. Dei fleste som leiter opp Jupiter tenker nok på planeten. Omdirigering frå Jupiter vil passa bra, for då blir det tydeleg kva artikkelen dreier seg om så snart dei les Planeten Jupiter. Me må sjølvsagt ha ei fleirtydingsinnleiing først (sjølvsagt? me kan òg nevna guden tidleg i innleiing), slik at dei som faktisk er interesserte i guden lett kan finna han. -- Ranveig 20. jan 2005 kl. 18:52 (UTC)

Då er me visst einige, så eg flyttar artikkelen.
--Verdlanco (diskusjon) 20. jan 2005 kl. 22:33 (UTC)