Diskusjon:Karbon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«»Eg ser at ordboka skriv at ordet kol kan vere synonymt med karbon, men likevel meiner eg attenderullinga Gwgwrgwrehg gjorde kl 1615 idag var eit skritt i feil retning, mot større misforståingar. Eg meiner det er rettare å bruke ordet kolstoff som det «norske» ordet for karbon. Når ordet kol òg har vore bruka, trur eg helst det har vore i samansetningar (som i kolsyre). At vi har kol som eit eige oppslagsord, stør denne synsmåten. Attenderullinga fjerna dessutan ei anna viktig opplysing.

Ordboka er eit prov for at eit ord er bruka i daglegtalen, ikkje eit prov for at det har vore nytta som eit faguttrykk, og det er faguttrykka som bør ha sentral plass i førstelina i eit leksikon. Andre nemningar folk vil ha med, bør då kunne nemnast lenger ned i artikkelen. --Knut 17:08, 4 november 2007 (CET)

Det er meir eller mindre same diskusjonen som me hadde om oksygen ein gong til, så eg gjorde om Gwwgrewrgwgr si attendrulling. --Frokor 17:37, 4 november 2007 (CET)
De bruker ordboki som prov berre når det passar Dykk.Gwgwrgwrehg 22:03, 4 november 2007 (CET)
Eg vil heller seie at Knut har eit stort poeng når han seier det er faguttrykka som bør ha sentral plass. --Ekko 22:51, 4 november 2007 (CET)
Men det er ikkje berre eldre nemningar, det stend i ordboki som eit alternativ ein kann bruka. Og vi må ha meir enn berre "fagutrykk". Gwgwrgwrehg 23:11, 4 november 2007 (CET)
Eg kan ikkje sjå at den siste endringa var nokon forbetring. Eg er tilhengar av at gamle ord skal med, men det ser ut til at Gwgwrg-- skal gje gammelnamna ein så dominerande plass som råd er. Vi hadde ein skikkeleg surstoffdiskusjon, og løysinga der bør danne mal for korleis vi skal starte grunnstoffartiklane våre. -Knut 00:17, 6 november 2007 (CET)
Ja, einig. Me kan ikkje ha denne diskusjonen for kvart grunnstoff. --Frokor 08:39, 6 november 2007 (CET)
Orboki seier ikkje kol er eit gamalt ord. Sjå her: http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=kol&nynorsk=S%F8k+i+Nynorskordboka&ordbok=begge&s=n
Den nye løysningi (Karbon ogso kolstoff eller kol (sers tidlegare)) er god på alle grunnstoff. Fordi ordi enno er i bruk, samtidig seier me at det var mest før. Gwgwrgwrehg 14:35, 6 november 2007 (CET)
Eg endra i samsvar med det vi kom fram til i diskusjonen om surstoff. Dersom vi skal leggja oss på ei anna line, kan vi diskutere vidare derifrå. -Knut 16:22, 6 november 2007 (CET)
Men det er eit anna grunnstoff. Sjå på ordboki og sjå det som stend på kol. Gwgwrgwrehg 00:49, 7 november 2007 (CET)
Eit poeng er at det i surstoffdiskusjonen med styrke vart havda at nemningi surstoff ikkje er forelda. Slik er det rett å jamnstelle ordi kol og surstoff. -Knut 07:19, 7 november 2007 (CET)
Grunnstoffet C har i alle lærebøker (også grunnskulen)iallefall dei siste 30 år stått under ordet karbon der kolstoff og er teke med.i eldgamle lærebøker står det vel under kolstoff.Kol har ikkje blitt brukt om grunnstoffet men om ting som inneheld mykje av det ,slek som steinkol og trekol (i dag mest seld under navnet grillkol).Eit poeng her er vel og at hvis ein ikkje eingang huksa kva ein lærde i skulen om emnet kansje heller burde finna andre artiklar å redigere.Sogning 16:33, 7 november 2007 (CET)
Eg havde bokmål på skulen. Gwgwrgwrehg 18:00, 7 november 2007 (CET)