Diskusjon:Karelia

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det noko årsak til at denne artikkelen ikkje kan ligge under Karelia? SNL[1], Caplex[2] og Språkrådet[3] skriv om Karelia at det er ein republikk i Russland (Caplex skriv òg at Karelen er eit alternativ namn) og at Karelen[4][5] er eit landskap i Finland og Russland (som riktignok heiter Karelia på russisk). Eg kjem til å flytte denne til Karelia basert på tidlegare diskusjonar om å følgje Språkrådet sine råd med mindre nokon har eit godt argument for å la vere.

--Frokor 29. august 2008 kl. 15:33 (CEST)[svar]

Den eine grunnen eg kan sjå er at det heiter Karelen på svensk, og dermed også på norsk. Det du refererer til som "eit landskap i Russland" er nett denne republikken. Så er det eit område i Finland, men dette er eigentleg ein Makedonia - Nord-Makedonia-debatt, som her altså er "löyst" slik at "Makedonia" (= republikken i Russland) har fått det latinske namnet (russisk er Karelija) i staden for det namnet vi skandinavar har på det.Trondtr (diskusjon) 22. mai 2019 kl. 17:43 (CEST)[svar]