Diskusjon:Karmsundet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det viser til den engelske artikkelen Nor som kjelde. I denne kjelda står «citation needed» på setninga som seier at det er samband mellom denne sagnkongen og namnet på Noreg. --Frokor 17:19, 20 mars 2008 (CET)

Eg synst du skal ta vekk den tvilsame påstanden. Han kan høyre heime i ein brei artikkel om namnet Noreg, men i denne artikkelen bør den leiande teorien, Norvegr>Noregr>Noreg, jf Norwegen, Norway, vere einerådande. Men påstanden om at denne vegen kan knyttast til Karmsundet, bør få ei kjelde. -- Knut 17:37, 20 mars 2008 (CET)
Einig med Knut. Påstanden om Karmsundet og Nordvegen har ei kjelde. --Frokor 17:46, 20 mars 2008 (CET)
Jammen var det ikkje ein fotnote der : ) - - Knut 18:17, 20 mars 2008 (CET)
Men for å vera heilt oppriktig så er ikkje ei kjelde frå 1915 allverda. --Ekko 20:33, 20 mars 2008 (CET)
Neivel? Kva er aldersgrensa for ei god kjelde då, Ekko? 50 år? 75 år? Då gjeld vel det same for Norske Gaardnavne då? Den er jo frå same periode. --Frokor 21:06, 20 mars 2008 (CET)
Speler alderen nokon rolle? I somme høve er dei eldste kjeldene best, i andre høve dei nyaste. For meg, som leksikonbrukar, er det viktigaste at kjelda er der. Då har vi eit grunnlag for vår kjeldekritikk. --Knut 21:16, 20 mars 2008 (CET)
Dette var kjeldekritikk. Historiefaget har utvikla seg mykje dei siste hundre åra. Rundt førre århundreskifte var frie spekulasjonar lov og nasjonsbygging ein dyd. --Ekko 21:29, 20 mars 2008 (CET)
Ekko har nok rett i at nasjonsbygging var eit føremål for historiefaget den tida landet vårt var ungt og trengte ei historie å vise til. Men for nasjonsbygginga kunne det ikkje spele særleg rolle å plassere denne nordvegen til Karmsundet, så her er det vel heller lokalpatriotisme enn nasjonalkjensle som ligg bak. Eg trur heller ikkje særleg på soga om Karmsundet som Nordvegen og Noreg, men kva eg trur og ikkje trur er ikkje interessant for wikipediabrukarane. Formålet må å opplyse kjelder kan ikkje vere å eliminere feil, men å gje lesarane grunnlag for eigen kjeldekritikk.
Nasjonsbygging var nok òg eit formål då Stortinget løyvde pengar til arbeidet med Norske Gaardnavne. Det står ikkje i artikkelen om namneverket, finn vi kjelde bør vi skrive det inn. -Knut 22:45, 20 mars 2008 (CET)