Diskusjon:Kautokeino-opprøret

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

... er ikkje så lett, nei. Ein utveg er inspiratoren Lestadius, sjølv om det er litt synd at han skal på framsida på grunn av det. Finst det gamle bilete av Kautokeino vil det passe betre. Trondtr 00:05, 8 oktober 2007 (CEST).

Men heilt umogleg er det då ikkje. No ønsker eg meg foto av gravstader o.l. --Ranveig 14:30, 10 oktober 2007 (CEST)

Bibliografi[endre wikiteksten]

Denne er svært lang -- to sider? -- og sikkert nyttig for den som vil driva forsking på området, men såpass tung å lesa at han sperrer for annan informasjon. Eg synest han bør kortast ned. Eventuelt kan heile bolken flyttast hit til diskusjonssida medan eit utval, eller det som blir brukt som kjelder, står igjen. --Ranveig 14:30, 10 oktober 2007 (CEST)

Eg er samd med Ranveig, men eg har stor respekt for han som sette lista inn. Men mykje omskrivne emne kan vi naturleg nok ikkje ha komplett bibliografi om. Lita skrift kunne vore eitt alternativ, et anna å skrive ein eigen artikkel om «bøkene om hendinga». - Knut 16:29, 10 oktober 2007 (CEST)
Eg laga ein eigen artikkel om skildringar av Kautokeino-opprøret, men den artikkel kunne vore mykje betre. Mellom anna skulle kollasjen til Rannveig vore med der : ) . - Knut 17:36, 10 oktober 2007 (CEST)

Bibliografien som eg limte inn frå nb var rotut, og det var fint han vart gøymt bort. Det er fleire kategoriar der: 1) vitskapleg litteratur 2) kortare avis- og tidsskriftartiklar 3) skjønnlitteratur 4) bokmeldingar, dei burde ikkje ha vore sausa saman. Eg tok dei mest sentrale verka og satte inn på framsida, såpass lang litteraturliste kan vi ha, så får det evt. bli rydda opp i den lange lista. Å gøyme henne bort er etter mitt syn heilt ok. Trondtr 19:13, 10 oktober 2007 (CEST).

I kva for kategori plasserer du Hirsti si bok? -Knut 19:18, 10 oktober 2007 (CEST)

Kjempebra! No er bibliografien i denne artikkelen faktisk nyttig, medan «ruklet» er blitt ei byrjing på ein svært interessant artikkel. Historiske romanar bør kanskje skiljast ut også der, men. --Ranveig 14:38, 14 oktober 2007 (CEST)

Bindestrek[endre wikiteksten]

Kvifor er det bindestrek i namnet? Er ikkje Kautokeinoopprøret bedre? --KRISTAGAα-ω 09:05, 15 oktober 2007 (CEST)

Eg skreiv med bindestrek, fordi lange samansette namn kan vere vanskelege å lese utan bindestreken. Eg skal innrømme at eg var i tvil, og konsulterte google som gav 270 treff på kautokeinoopprøret og 4170 treff på Kautokeino-opprøret (riktignok tal frå i dag). Men det er ikkje google som avgjer kva som er god nynorsk språkføring, så om det er betre å skrive utan bindestrek, har eg ikkje noko imot at artikkelen vert flytta. -Knut 16:50, 15 oktober 2007 (CEST)