Diskusjon:Ketose

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ketose er vel ein generell tilstand hos menneske (og andre dyr) òg. Prinsippet er det same. Glukoselagra er tømde og kroppen dannar ketonar frå fettlageret i kroppen. Det er med andre ord ein måte å gå ned i vekt på, så lenge ein passar på å få i seg nok vatn og andre næringsstoff (enn karbohydratar) og vitaminar som kroppen treng, typisk gjennom ein pulverdiett. --Frokor 27. september 2009 kl. 12:21 (CEST)[svar]

Jepp. Og det er det same som skjer når ein maratonløpar etter f eks 30 km møter «veggen» - ein har tømt glukoselagera, og energi må skaffast frå langsam feittforbrenning. --Egil Arne 27. september 2009 kl. 12:31 (CEST)[svar]
Det visste eg ikkje, eg har lært at det er ein sjukdom hjå mjølkedyr. Lars Ola Eide 27. september 2009 kl. 13:56 (CEST)[svar]
Det var det eg også lærte på Gjermundnes landbruksskule skuleåret 1977-78. Men det Frokor har gjort meg (og deg) merksam på, er den fysiologiske samanhengen mellom ketose og allskens karbohydrat-fattige diettar, type Fedon-kurar og liknande. Interessant! --Egil Arne 27. september 2009 kl. 14:59 (CEST)[svar]
Eg skal rette på sida. Lars Ola Eide 27. september 2009 kl. 15:22 (CEST)[svar]
Sjå engelsk Wikipedia med ein meir generell, men ikkje alt for utdjupande omtale av ketose. Sjå òg ketoacidose (Ketoacidosis på en:). --PerPlex 27. september 2009 kl. 15:27 (CEST)[svar]