Diskusjon:Khaled Hosseini

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kopiert frå Brukardiskusjon:Olve

Kvifor denne endringa: http://nn.wikipedia.org/wiki/Khaled_Hosseini? Det er av allmenn interesse når og om Hosseini kjem ut med ny bok. Rhet

Boka er allereie omtala i artikkelen — på originaltittel, slik standarden er. Boka har òg, som du veit, allereie ein eigen artikkel der teksten du la inn ligg allereie. Det er fint om du kan utvide artikkelen, men da er det best om du kan skrive litt meir om forfattaren heller enn å duplisere artikkelinnhald og taka bort relevant informasjon som at boka er omsett til bokmål osv. -- Olve 16:33, 15 desember 2006 (CET)

Det er her tale om to bøker, The Kite Runner og Dreaming In Titanic City. Du slettar bok nr to. Rhet 16:41, 15 desember 2006 (CET)

Nei. -- Olve 17:24, 15 desember 2006 (CET)
Nei, det var eg som sletta opplysinga om ei ikkje utgjeve bok. det var tidlegare, 9. desember. Rett nok er dette av allmen interesse, men etter mi meining høyrer ikkje mogelege framtidige hendingar heime i eit leksikon. --Ekko 17:28, 15 desember 2006 (CET)
Ah. Nei, det har du heilt rett i — vi skriv helst om det nokon har gjort. -- Olve 17:33, 15 desember 2006 (CET)

Sjølvsagt skriv me helst om det nokon har gjort. Men om ein veit at det er ei ny bok i trykk, er dette av allmenn interesse. Er ikkje net det noko av poenget med eit leksika på nett, at det kan oppdaterast frå dag til dag? Og det var du som sette sida attende, slik at mi oppføring vart sletta. http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Khaled_Hosseini&action=history Rhet 18:02, 15 desember 2006 (CET)

Les historikken litt grundigare no. -- Olve 18:05, 15 desember 2006 (CET)

Inga grunn til å vera ufin. Eg la inn att data om bok i går. Den vart sett attende. Rhet

Nei, det er ingen grunn til å vera ufin. Men det er eg altså ikkje. Eg berre påpeiker at du lyt lesa historikken litt betre og sjå på detaljane, så ser du at eg ikkje gjorde det du påstår at eg gjorde. (Sjå denne diffen.) Ekko gjorde det. (Sjå denne diffen.) Du la faktisk ikkje ut att opplysninga om boka som ikkje er utgjeven enno. (Sjå denne diffen.) Og når alt det er sagt, så støttar eg Ekko fullt ut her, ettersom han tok den rette avgjersla. -- Olve 18:15, 15 desember 2006 (CET)
Du kan forresten gjerne oppdatere artikkelen den augneblinken dei nye bokdungane er på veg inn butikkdørene. Men altså ikkje før det. -- Olve 18:15, 15 desember 2006 (CET)

I mellomtida føreslår eg at du arbeider med biografidelen. Der står det mykje att! :-) Olve 18:22, 15 desember 2006 (CET)

Eg kjem ikkje til å arbeida noko meir med denne, eller andre artikler her på den nynorske sida. Eg gjev meg over for "brotne bein og mannefall". Ikkje så merkeleg at den nynorske sida lid av manglar, her er det diktatorpolitikk som rår. Ta det innover dykk, eller ikkje. Eg bryr meg ikkje. Rhet

Det står ein kvar fritt å arbeide for å endra rådande konsensus. Eg trur nok ikkje grensene for fridomen til den einskilde er noko romslegare på dei andre wikipediaene eg arbeidar på (bokmål, engelsk, tysk) enn her. Og manglar vil det nok altid vera. Velkomen attende! --Ekko 07:34, 16 desember 2006 (CET)
Sluttar meg til Ekko her. -- Olve 16:01, 16 desember 2006 (CET)