Diskusjon:Khoisanspråk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Khoisan-språk eller khoisanspråk?[endre wikiteksten]

Sidan full samanskriving generelt er rekna som betre enn bindestrek i samansetjingar på nynorsk, lurer eg på om det ville vore betre å flytte artikkelen til khoisanspråk. Finst det nokon innvendingar? Olve 2. jun 2005 kl. 2139 (UTC)

Nei. Trondtr 2. jun 2005 kl. 2344 (UTC).
No fjerna eg bindestreken (han hadde komme med frå den tyske originalartikkelen), men han forsvann berre frå artikkelen, ikkje frå oppslagsordet. Det er litt for seint på kvelden til å finne ut av det, så eg lar det stå, og håpar på andre bidragsytarar. Trondtr 2. jun 2005 kl. 2348 (UTC).
Her er korleis du kan flytte artiklar:
  1. Du lyt vera innlogga.
  2. Gå til artikkelen du vil flytte.
  3. Klikk på «Flytt» (rett til venstre for «Overvak» eller «Fjern overvaking»).
  4. Skriv inn det nye artikkelnamnet.
  5. Merk valet «Flytt diskusjonssida òg om ho finst.»
  6. Klikk på «Flytt side».
Og dermed skulle det vera gjort, med mindre det ligg ei side på det nye namnet allereie. Men dét er ei anna historie. :) Olve 3. jun 2005 kl. 0133 (UTC)