Diskusjon:Kongressen i USA

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei,

sume har kanskje fått med seg at eg frekt og freidig har omdøypt «Representantanes hus» til Representanthuset, som eg tykkjer er mykje betre norsk. Eg har tilmed lagt inn omdirigering frå fyrstnemnde til den nye nemninga slik at folk kjem seg fram uansett kva folk har kalla dette kammeret i andre artiklar som måtte referera til det. Men kva tykkjer de? Burde det heita «Representantanes hus», som rett nok er meir i tråd med det opphavlege namnet, men kling frykteleg dårleg, eller burde det heita «Representanthuset», som -- etter mi meining -- er meir i tråd med god norsk? --Eirik W. 19. oktober 2008 kl. 13:39 (CEST)[svar]

Det kling i alle fall betre. --Frokor 19. oktober 2008 kl. 13:42 (CEST)[svar]
Representantanes hus er vel ikkje lov å skriva på nynorsk. Skal ein bruka genitivs-s må det anten vera etter særnamn eller substantiv i ubunden form (Representantshuset) jfr. [1]. --Harald Khan Ճ 19. oktober 2008 kl. 14:12 (CEST)[svar]
Hm. Skal dette behandlast demokratisk, eller er det opp til folk å skriva slik dei vil? Det er vel eit ideal at den same tingen vert omtala med dei same orda, ists nicht?
Godt spørsmål. Dette er jo eit namn som kan skrivast på mange måtar som jo alle vel er like rette (Representantane sitt hus, Huset til representantane etc). Demokratisk burde det ikkje vera; snarare burde me komma fram til ei semja (stort sett er den som startar artikkelen som vel). Konsistensreglane gjeld vel berre innanfor ein og same artikkel. --Harald Khan Ճ 19. oktober 2008 kl. 14:41 (CEST)[svar]
Vel, då held eg føre at «Representanthuset» vert ståande (for det kling best, samstundes som det ivaretek meiningsinnhaldet sånn cirka), sidan eg stort sett har stått for mesteparten av artikkelen om Senatet og heile artikkelen om House of Representatives --Eirik W. 19. oktober 2008 kl. 14:51 (CEST)[svar]
Det gjer du rett i. --Knut 19. oktober 2008 kl. 15:50 (CEST)[svar]