Diskusjon:Krag-Jørgensen-rifle

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namnet på artikkelen[endre wikiteksten]

Er det nokon måte å unngå namneforma «Krag-Jørgensen rifle»? Denne forma har ei uheldig særskriving. Det same gjeld forresten mange andre våpenartiklar òg... -- Olve 21:18, 27 desember 2006 (CET)

Einig i at det er uheldig. Men ser berre to utvegar, anten berre "Krag-Jørgensen" eller "Krag-Jørgensen-rifle" (ev -gevær). Når det gjeld Mauser-geværet måtte det da bli "Mauser M98", fordi berre "Mauser" tyder firmaet, som har laga ymse og ulike våpen. Same for meg. Kva synest andre? --Erling 17:15, 28 desember 2006 (CET)
For meg høyrest det best ut med "Krag-Jørgensen". Så får vi legge til typenemning som "Mauser M98" der det er naudsynt. stykkjet 18:06, 28 desember 2006 (CET)
Krag-Jørgensen eller Krag-Jørgensen-rifle, helst det siste som artikkelnamn. «Krag-Jørgensen rifle» er feil, det er berre å lese det høgt for å høyre det. Trondtr 18:29, 28 desember 2006 (CET).
Da trur eg at eg held på "rifle" i tittelen, fordi eg synest det er greitt å ha noko om kva det dreiar seg om i tittelen, men tar ein bindestrek (til) for å unngå sær(-)skriving. --Erling 20:01, 28 desember 2006 (CET)
Det er gjort. Greitt no? --Erling 20:08, 28 desember 2006 (CET)

For øvrig kan ein kanskje skrive "Krag-Jørgensen-rifla, heretter kalla «Krag-en»". (Dette kan kanskje skrivast i avsnittet etter innleiinga.)
omgrepet "Kragen" tilsvar_r "Krag-en". Helsing Sju hav (diskusjon) 15. juli 2020 kl. 21:17 (CEST)[svar]

Mekanismen[endre wikiteksten]

Hei!

Det er ikkje heilt korrekt at vanleg 6,5x55 var/er for kraftig for våpenet. Sverige og Noreg brukte den same (unions-)ammunisjonen. Det var denne ammunisjonen som vart brukt heilt til midten av hundreåret, då det vart teikn til materialtrøyttheit på somme rifler.

Det er altså ikkje tilrådd å bruke vanleg 6,5x55 i riflene *no*, men dei vart designa for det og brukt med slik ammunisjon i mange tiår.

Kunnskapen om materialtrøyttleik var ikkje heilt på topp då riflene vart laga.

Takk for innspelet! Denne artikkelen manglar referansar, så alt som står kan erstattast av andre opplysingar som har referanse. --Ranveig (diskusjon) 15. juli 2020 kl. 15:36 (CEST)[svar]