Diskusjon:Kristendommen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jesus Kristus[endre wikiteksten]

Burde det vera ein eigen artikkel om Jesus Kristus, eller skal ein berre omdirigera Jesus, Kristus og Jesus Kristus til Kristendommen? Er det evt. behov for oppklaringssider om Jesus (fleire som har heitt Jesus) og/eller Kristus (a. Kristus-begrepet til skilnad frå personen, b. tidsrekning)? På no: er det ein eigen artikkel om Jesus Kristus med to omdirigeringar til seg, medan det på en: er to artiklar om Jesus (personen) og Christ (begrepet), ei omdirigeringsside frå Jesus Christ til Jesus, og ei oppklaringsside for Jesus (disambiguation). BTW, way to go Ranveig, det var modig gjort men eg trur det blei bra! --Eddi 30. nov 2004 kl. 00:20 (UTC)

Einig med deg Eddi, det bør vera ein eigen artikkel etterkvart. Vi bør nok satse på å ha minst eit par hundre artiklar (og truleg mange fleire òg) om sentrale personar, omgrep, retningar, høgtider og liknande innanfor kristendommen — i tillegg til bibelartiklar som i ulik grad er felles for fleire religionar. Blant disambigueringane som trengst for Jesus-artiklar er: Jesus Kristus, Jesus Sirak, Jesús (mannsnamn), Jeshu (talmudisk person/ar). Kristus/Khristos-begrepet samankopla med Messias/Mashiah-omgrepet og tydingsskiljingane mellom dei i ulike former av kristendom og jødedom er òg sentralt å få med seg. Mykje å ta fatt på der! Har vi forresten nokon ombord enno som har spesielt god greie på dette? Ranveig? Eddi? Nokon andre? Om ikkje, så burde vi kanskje tenkje på om vi kunne finne nokon å «verve» som har solide kunnskaper om dette og eit ope sinn til å taka seg av litt koordinering, POV-moderering og liknande på kristendomsinnhaldet. Trur elles vi burde opprette eit religionsprosjekt som wikiprosjekt...(?) -- Olve 30. nov 2004 kl. 06:04 (UTC)

Jesus Kristus: Det er mykje som kan seiast om han, og det bør setjast under Jesus, ettersom det garantert er det dei aller fleste ventar å sjå dersom dei skriv "Jesus" i søkefeltet. Ein ekstra fordel er at også dei som ikkje ser på Jesus som ein frelsar vil kunne godta namnet. Me bør absolutt ha ei fleirtydingsside, og som Olve sa, ei heil mengd andre sider om dette og liknande emne.

Når det gjeld religionar generelt er eg ingen ekspert på nokon av dei, sjølv om eg synest det er interessant å skriva om dei. Eg meiner å kunne hevda at Arvind kan mykje om dei fleste verdsreligionane, inkludert kor ein finn truverdige kjelder. Problemet hans er at han har lita tid, men han kan kanskje vera autoritetsperson i tvilsspørsmål? (Dersom ingen andre melder seg, så klart) -- Ranveig 30. nov 2004 kl. 18:36 (UTC)

Ja, Arvind har allereie vist at han veit kva han snakkar om i samband med hinduisme, og eg har vel nærmast rekna med at han er grundig orientert i dei fleste religionane som grensar mot hinduismen — og dei er jo mange... Sjølv reknar eg meg for rimeleg velorientert (inkl. arbeid på hovudfagsnivå) når det gjeld israelittisk religion (først og fremst rabbanittisk/karaittisk jødedom og samaritansk religion), og i nokon grad norrøn og nyare skandinavisk folketru. Eg er òg interessert, på eit meir amatørmessig nivå, i sikhisme og jainisme, og til ein viss grad parsisme òg, men eg reknar med at Arvind er minst like velorientert som meg på dei felta... -- Olve 30. nov 2004 kl. 20:32 (UTC)

Ingen ekspert, men eg kan vera nøytral så det svir. Kan henda det trengst òg. Eg vil nok skriva litt, om ikkje akkurat det tyngst religiøse. Når det gjeld Jesus så var eg i ferd med å laga nokre omdirigeringssider, fann berre ut eg først måtte høyra meg litt føre. Og no er her jo fleire gode idear allereie. --Eddi 1. des 2004 kl. 00:06 (UTC)

Kristendomsartikkelen som spire[endre wikiteksten]

Eg forsøkte å rydje opp i artikkelen slik at det let seg gjere å skrive vidare på han (ikkje berre rette på kvarandre). Er er ikkje teolog, og skal ikkje vere sikker at noko av det har skrive er rett. Og enno er artikkelen berre ei spire. - Knut 19:05, 19 februar 2007 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 23:38 (CEST)[svar]

[daud lenkje]