Diskusjon:Kvikk Lunsj

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stavemåten skal vel vera «Kvikklunsj»: Freia Kvikklunsj --Sigmundg 23:04, 22 mai 2008 (CEST)

På sida av innpakningen på bilete i lenkja ser det ut som det er tydeleg mellomrom mellom Kvikk og Lunsj. --Frokor 23:07, 22 mai 2008 (CEST)
Ja, det er det, men det høyrest unaturleg ut. Om ein lagar ei kake av «Kvikk Lunsj» endar ein opp med ei «Kvikk Lunsj-kake». Så kan ein lura på om det er ei «snøgg dugurdskake», eller ei «snartenkt dugurdskake». Men det er ikkje ei «kvikklunsjkake». Skulle vore interresant å vita om Freia slurva med orddelinga, eller om det var tiltenkt slik. Eit stort norsk føretak kallar seg «Kongsberg Gruppen», men dei valgde vist nok feil orddeling med vilje, av di dei tykte det var gjevt å ha eit namn som ser utanlandsk ut. Men ikkje så få tykkjer det ser dumt ut. Men no spora eg av. Ser at bokmåls WP stavar Kvikklunsj med mellomrom. --Sigmundg 23:44, 22 mai 2008 (CEST)
Eg er sterkt imot "orddeling" (særskriving) sjølv, men i dette tilfellet er det ikkje klart at namnet skal skrivast i eitt ord, og når dette heller ikkje blir gjort på innpakkinga ser eg ingen grunn til å setje orda saman her. Kvikk lunsj fungerer også fint i to ord, som ein kvikk lunsj, altså ein snøgg lunsj. Martin NH 19:50, 23 mai 2008 (CEST)
Litt motvillig lyt eg vedgå at du truleg har rett, sjøl om eg finn det unaturleg med opphald. --Sigmundg 20:00, 23 mai 2008 (CEST)