Diskusjon:Kvinnerørsla

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Valdtekt, særleg innan ekteskapet, var lenge sett på som eit nokså uviktig brotsverk.

I kva for kulturar har valdtekt vore sett som eit uviktig brotsverk? I Kristian den femtes norske lov står det i sjette bok, 13. kap.: 18. artikkel:
Hvo som noget Qvindfolk vil med Vold tage, og hendis Raab og Skrig om Hielp høris, og synis blaat Kiød, eller revne Klæder, hand miste sit Liv, enddog hand sin Villie ikke fuldkom. Knut 22:55, 1 mars 2007 (CET)
Det der kan nok skrivast betre (for å seia det mildt), men er ikkje heilt feil. Når det gjeld valdtekt innan ekteskapet (en:Spousal rape) har dette i praksis eller i sjølve lovverket ikkje eksistert heilt til våre dagar. Slik valdtekt blei først kriminalisert i til dømes Storbritannia i 1991 og i India i 2006. Noreg er berre litt betre: "Helt opp til nyere tid ble det i norsk strafferett ikke reist tiltale for voldtekt i ekteskapet. Først i 1974 domfelte Høyesterett en mann for å ha begått voldtekt mot ektefellen sin (Rt. 1974 s. 1121).[Retten til et liv uten vold: Menns vold mot kvinner i nære relasjoner. Avgitt til Justis- og politidepartementet 4. desember 2003. (PDF-fil, sitatet er frå sida 29.)]
Når det gjeld valdtekt generelt er det i det minste ei oppfatting at dette ikkje blir handsama godt nok av samfunnet og då særleg rettsapparatet (840 meldingar førte til 77 domfellingar i 2006[Dagbladet], arbeidsgruppa frå 1998 "konkluderte med at forbedringspotensialet i behandlingen av voldtektssaker først og fremst ligger i en høyere prioritering av sakstypen og en bedre organisering av etterforskingen.[stortinget.no]). Dette kan vel ikkje seiast å vera noko nytt problem[1].
Eg legg ved desse kjeldene til seinare bruk, for eg er einig i at det hadde vore bra å få ei litt mindre bombastisk utseng utsegn. --Ranveig 00:49, 2 mars 2007 (CET)